Inspirasjon til lokal foredling av mjølk

Marknaden etterspør fleire ostar og produkt av mjølk. Vi inviterer til to inspirasjons- og fagdagar i april der de får ei innføring i kva mogelegheiter som ligg i ysting av eiga mjølk.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 11.03.2019

Handtverksost er etterspurt, dei som startar lukkast og det er plass til fleire produsentar. Den gode kvaliteten på den norske mjølka er noko av årsaka til gode resultat i tevlingar. Jørn på Ostegården mønstra Fanaosten i 2017 og fekk bronse, i 2018 heldt det til supergull og verdas beste ost. 

Kom og høyr på korleis dette gjekk til. Jørn Hafslund si ferd frå ide til verdas beste ost. Vi gir deg tips og råd for deg som lurer på å foredle di eiga mjølk eller som har lyst å starte ysteri.  Ta det første steget med oss på samling i Førde eller Eid. 

Jørn Hafslund

Formål

Kursa gir deg innsikt i det å foredle eiga mjølk, omfang og oversikt over kva kunnskap du bør ha for å starte. Med foredlingskvote kan du auke mjølkeproduksjonen eller samarbeide med eit handverksysteri – det gir verdiskaping på garden, fleire arbeidsplassar og auka matproduksjon. 

Målgruppe

Mjølkebønder med interesse for foredling eller for deg med interesse for ysting og kan tenkje deg å starte eit handverksysteri.

Aktivitetar

Inspirasjon- og fagdag i april gir ei innføring i kva mogelegheiter som ligg i ysting av eiga mjølk, marknad, regelverk og litt kjemi. Demonstrasjon av yoghurt, praktisk demonstrasjon av ferskost og løyping av mjølk. Kort om startkulturar og ysteprosessen. Du får med din eigen ferskost heim.

Fagdag I              
Førde, Thon Hotel Førde
Måndag 8. april kl. 10:00-16:00
Kursleiar: Jørn Hafslund, Anne Karin Hatling, Aud Slettehaug

Fagdag II
Nordfjordeid, Nordfjord Hotell
Tysdag 9. april kl. 10:00-16:00
Kursleiar: Jørn Hafslund, Anne Karin Hatling, Aud Slettehaug


Deltakaravgift per person kr 495,-.

Påmeldingsfrist: måndag 1.april

Informasjon og påmelding: Ystekurs

 

Samarbeidspartar:
Kompetansenavet Lokalmat Vest
Sogn og Fjordane Bondelag
Bonde og Småbrukarlaget

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner