Inspirasjon for lokalmat-satsing

Inspirasjonsdagen samla mange deltakarar
Inspirasjonsdagen samla mange deltakarar (Foto: Matarena)

Matarena i Bergen arrangerte i mars ei stor inspirasjonssamling for verksemder i lokalmat- og “Smak av kysten”-nettverket sitt. Det vart ein dag full av opplevingar, med mange smaksinntrykk og stor læringsverdi.

Samlinga kunne by på det meste, til glede for lokalmatentusiastar i dei mangfaldige verksemdene på Vestlandet og dei offentlege næringsutviklingsaktørane.

Nettverk – kompetanse – smaksopplevingar

Etter ei kort helsing frå landbruks- og matminister Olaug Bollestad hadde Eline Landa innlegg om generasjon Z, som er forbrukarar og potensielle kjøparar av lokalmat i framtida. Innlegga gjorde stort inntrykk, og særleg tankevekkande var delen om dei unge sitt verdifokus. På dette området er det ikkje nok kunnskap i bransjen, så her er det mykje å lære. Også innlegget om auka bruk av den digitale verda var tankevekkjande. Dei fleste lokalmat-verksemdene er nok ikkje gode nok til å utnytte moglegheita her.

Lunsjen vart eit glimrande føredrag i seg sjølv. Tre kokkar laga, og presenterte rettane sine, og deltakarane fekk smake. Ein viktig ingrediens var ulike typar sider frå Hardanger.

Om nokon i salen på Grand hotell i Bergen mangla inspirasjon før denne samlinga, så fekk dei rikeleg med seg heim.