Statistikken avslører mangel på skogplanting

Nedgang i hogst og auke i planting i 2019 gjer at vi er meir i balanse enn på mange år, men forskjellane mellom kommunane er store. 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 07.10.2020

I 2019 har vi hatt mindre hogst av gran, medan furuhogsten er like låg som i åra før. Kurva har vore nedgåande sidan 2016 der vi nådde ein topp etter oppryddingshogstar i vindfallområder. I år reknar vi med ein tilsvarande hogst som i 2019, men denne oversikta får vi først eit godt stykke inn i det nye året. 

Skogplantinga stagnerer nok også i år etter ein fin oppgang i 2019. Utfordringa er tilgang på eigna plantemateriale, som gjer at ein del av haustplantinga må utsettast til neste vår. I dei siste åra har vi i stor grad fokusert på at hogst ikkje vert følgt opp med ny planting på areala, noko heile kystskogbruket er uroa over. Statistikken visar at i åra frå 2012 til 2018 har gapet blitt større og større. Mange av desse areala bør settast i produksjon att om regjeringa vil nå sine ambisiøse klimamål, seinast stadfesta i budsjettforslaget 7.oktober. 

Det er såleis å rekna som eit lyspunkt at plantearealet i 2019 nærmar seg granhogstarealet, som er viktigast å sjå på i denne samanheng. Vi har mindre arealavgang, ein trend som forhåpentlegvis held fram i 2020. 

Samstundes er det her store forskjellar mellom kommunane Medan Alver dei siste 10 åra har akkumulert eit underskot på over 4000 daa, ligg Ullensvang med omtrent like stor hogst på 1500 daa i minus når ein samanlikna planta areal og hogstareal. Den einaste kommunen som ligg på plussida er Høyanger  som dermed kan kalla seg «Vestland fylke sin einaste (eller siste?) skogreisingskommune». 

Bruk statistikkbanken på nettsida vår for å finne data for din kommune 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.