Fylkesmannen lanserer statistikkbank for landbruket

Fylkesmannen i Vestland har samla statistikk om landbruket i Vestland frå opne kjelder og laga vår eigen statistikkbank for landbruket i fylket. Målet er å gjere fakta om landbruket i fylket meir tilgjengeleg både for dei som arbeider med landbruk og dei som er interessert i landbruksutviklinga i Vestland.

Statistikkbanken er bygd opp slik at du kan gå inn og sjå utvalde utviklingstrekk for ulike produksjonar og areal både på fylkesnivå og kommunevis. Du kan lage dine eigne figurar og du kan lett finne kjeldene for tala som ligg i banken.

Statistikkbanken er under stadig utvikling og oppbygging og vil verte utvida etter kvart. Statistikkbanken vert oppdatert gjennom året når nye tal er tilgjengelege.

Når du går inn på Statistikkbanken, som ligg i høgremargen på denne sida, vil du finne ulike arkfaner som omhandlar dei ulike produksjonane. Du finn informasjon om banken på første arkfane og tips til korleis du navigerer og kan lage eigne figurar.

Har du spørsmål, innspel eller tips, ta kontakt med oss!