Landbruksstatistikk

Sau på fjellbeite
Sau på fjellbeite (Foto: Øyvind Vatshelle)

Her presenterer vi ulik statistikk for landbruket i Vestland. Dette er ikkje ei fullstendig oversikt, men illustrasjon av nokre av utviklingstrekka i jord- og skogbruket i Vestland. Under finn du utvalde artiklar om landbruket. Artikkelsamlinga vert oppdatert gjennom året.

Til høgre på sida finn du lenkjer til tala vi har nytta i tillegg til ei samling av illustrasjonar, både til artiklane og andre illustrasjonar.

Er du interessert i andre tal eller produksjonar enn det du finn her, ta kontakt med oss.


21.01.2020

Kjøtproduksjon i Vestland

Kjøt frå storfe er den dominerande kjøtproduksjonen i Vestland.

13.01.2020

Mjølkeproduksjon frå ku i Vestland

Vestland er eit fylke med mange små og store mjølkebruk, og det fjerde største mjølkefylket for kumjølk.

31.01.2020

Jordbruksarealet i Vestland

Fulldyrka areal i Vestland går ned, medan areal til mellom anna beiting går opp.


Visste du at.... ?

.. det er i Eidfjord kyrne mjølkar mest?
Ei ku frå Eidfjord leverte i 2018 
i snitt 8230 liter mjølk.
Gjennomsnittleg mjølka ei i ku i Vestland 6829 liter mjølk i 2018.