Klima og klimagassar

Klima og vêr er ikkje det same. Vêr er det som er ute kvar dag, klima er gjennomsnittet av vêret over lang tid. Målingar gjort over tid av til dømes temperatur, nedbør og ismengde, viser at klimaet endrar seg. Middeltemperaturen på jorda har auka med ca. 1C sidan førindustriell tid. Utslepp til luft av ulike gassar fører til miljøproblem som klimaendringar og forsuring.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 19.05.2020

Drivhuseffekten – grunnlag for liv

Atmosfæren skaper ein drivhuseffekt på jorda: Sola sender ut kortbølga varmestråling, som slepp gjennom atmosfæren. Solvarmen varmar opp jorda og noko av denne varmen går ut mot atmosfæren som langbølga varmestråling. Den langbølga varmestrålinga vert fanga opp i skyer og i atmosfæren, og halvparten vert reflektert attende mot jordoverflata. Dette fører til auka oppvarming av jorda. Utan drivhuseffekten ville det vore så kaldt på jorda at det ikkje var mogleg å leve her.

Utslepp av klimagassar frå menneskeleg aktivitet, vert rekna som hovudårsaka til klimaendringane fordi drivhuseffekten vert forsterka. I naturen går alle næringsstoff i syklusar og naturen vil prøve å gå mot ein balanse. Dei ulike næringsstoffa er fordelte på luft, vatn, biomasse, jord og berggrunn. Dei temperaturendringane vi no ser, skuldast at menneska tilfører gassar til atmosfæren raskare og i større omfang enn det naturen klarar å balansere.

Klimagassar frå landbruket

Klimagassar er gassar som bidreg til oppvarming av atmosfæren Det er ei rekkje ulike gassar som påverkar drivhuseffekten. For å kunne samanlikne effekten av ulike utslepp og ulike gassar, blir utsleppa rekna om til CO2-ekvivalentar. Karbondioksid (CO2) har CO2-ekvivalent lik 1. Større tal tyder større effekt i atmosfæren.

Dei viktigaste klimagassane: Effekt i atmosfæren: Utsleppskjelder: Utslepp frå landbruk:
Karbondioksid (CO2) CO2-ekvivalent: 1
Stabil i atmosfæren, slik at mengda aukar over tid.
Fossilt brensel Bruk av traktorar ol.
Metan (CH4) CO2-ekvivalent: 28
Raskt brote ned i atmosfæren.
Store naturlege lager i våtmark/myr og område med permafrost. Dyr slepp ut metan når dei fordøyer gras. Drøvtyggjarar som storfe, sau, hest.
Lagring av husdyrgjødsel.
Lystgass (N2O) CO2-ekvivalent: 265
Stabil i atmosfæren.
Forbrenning av kol og biomasse. Nedbryting av planterester. Lagring og bruk av kunstgjødsel og husdyrgjødsel. Nedbryting av planterestar.


Tabell 1. Dei viktigaste klimagassane

Alle sektorar, inkludert landbruk, bidreg til klimagassutslepp og dermed klimaendringane. I Noreg er det olje- og gassutvinning (27 %), industri (23 %), vegtransport (17,5 %) og annan transport (14,4 %) som står for dei største utsleppa. I 2018 stod jordbruk for 8,6 % av dei norske utsleppa, utsleppa frå jordbruk har vore relativt stabile sidan 1990. (kjelde: miljøstatus.no)

I landbruket er det metan ( CH4) og lystgass (N2O) som er dei viktigaste klimagassane. Dei største utsleppa frå jordbruket kjem frå naturlege biologiske og kjemiske prosessar i husdyr, husdyrgjødsel og i jorda. Når drøvtyggjar omsett gras til kjøt og mjølk slepp dei ut metan gjennom fordøingssystemet og gjennom gjødsla dei produserer, i tillegg er det utslepp av lystgass.

Det er ikkje mogleg å produsere mat utan klimagassutslepp, men det er mogleg å redusere utsleppa. Det er likevel meir krevjande å redusere utsleppa frå biologiske prosessar og effekten av tiltak er meir usikre, enn ved å redusere utsleppa ved forbrenning av fossilt brensel. Men landbruket vil gjere sin innsats og jobbar med tiltak for å redusere klimaavtrykket på maten vi et. I 2019 inngjekk landbruket ein avtale om å arbeide for å redusere klimagassutsleppa med 5 millionar tonn CO2-ekvivalentar i perioden 2021-2030, målet om auka matproduksjon står likevel ved lag. Dei viktigaste tiltaka er arbeid med avl og dyrehelse, betre fôrkvalitet og god handtering av gjødsel.

Artikkelen er skriven av:
Helen Haaland og Åshild Hjørnevik Vatshelle, Fylkesmannen i Vestland

Kjelder:

Miljøstatus
Klimakur (Miljødirektoratet)
Miljødirektoratet (Klima)
Statistisk sentralbyrå 
Norges bondelag - inngår klimaavtale for jordbruket

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner