Karbonbinding i rett jordtype

Det er viktig å kjenne terrenget og landbruksjorda si for å kunne velje rett strategi i klimaarbeidet på ein gard.  Karbonbinding i jord er sett på som ein positiv strategi for å redusere CO2-avtrykket frå jordbruket. I nokre tilfeller er det mest effektive tiltaket å hindre nedbryting av karbon, framfor å prøve å binde karbon i jorda på ein vestlandsgard. 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 04.08.2020

Nasjonalt program for jordhelse (Landbruksdirektoratet, 2020) understrekar kor stor variasjon det er av organisk materiale i norsk jord, ut frå naturgitte føresetnader (Figur 1). Det er difor viktig å vite kva for jord du harJordtypane vil kunne seie noko om garden din treng å binde karbon eller å hindre utslepp av drivhusgassar 

Noreg har vi 3% fulldyrka jord, og om lag 1/3 av denne fulldyrka jorda har ein kvalitet som gjer at ein kan pløge og dyrke matvekster (SSB). Mesteparten av jordbruksarealet på Vestlandet er langvarig eng til fôrvekstar og beitearal, og i tillegg ligg ein dominerande del av engareala i Vestland fylke på myrjord (Figur 1). Myrjord har eit høgt innhald av organisk materiale, og difor eit høgt innhald av karbon. Dersom ein tek utgangspunkt i naturgitte forhold i Vestland fylke, handlar klimaarbeidet ofte om å stabilisere mengden organisk materiale i jord, og redusere nedbryting av karbon frå myraktig eng. 

Figur 1. Andel mineraljord, organisk jord og blandingstypar i ulike landsdelar (S. Svendgård-Stokke, NIBIO). Figuren er henta frå Nasjonalt program for jordhelse (Landbruksdirektoratet, 2020).

Figur 1. Andel mineraljord, organisk jord og blandingstypar i ulike landsdelar (S. Svendgård-Stokke, NIBIO). Figuren er henta frå Nasjonalt program for jordhelse (Landbruksdirektoratet, 2020), men finst og i artikkelen Trongen for drenering (Øpstad, 2020) i Bondevennen 12/2020, som kan lastast ned på denne sida. 

Hindre tap av karbonlager i myr 

Di nærmare tregrensa eller ut mot kysten ein kjem på Vestlandet, di meir myr finn ein, og gjerne rett på steingrunn. Myr er som oftast definert som myrvegetasjon med eit over 30 cm tjukt torvlag, som inneheld minst 40 % organisk materiale. Torva i ei myr er bygd opp av delvis nedbrotne planterestar, som har hopa seg opp, grunna vassmetning og mangel på oksygen i jorda. I tillegg er det ofte låge temperaturar i områder med myr, som hindrar nedbryting av organisk materiale.

Myr dekker ca 3 % av landareala i verda, men lagrar så mykje som 1/3 av den totale mengden karbon i jord. I nokre få tilfelle, der ein har mineraljord under myra, kan ein grave om myr og stabilsere nedbryting av torva. Men stort sett vil nydyrking eller hyppig pløging av eng på ei myr, frigi drivhusgassen karbondioksid og verke negativt inn på klimagassrekneskapen. Det er difor forbod mot å dyrke opp myrjord i dag, men kommunane kan i særskilte tilfelle gje unntak frå denne regelen.  

Binde karbon i næringsfattig jord 

Det er i utgangspunktet sandjord og annan humusfattig jord, som bakkeplanert leirjord eller beiter på høgfjellet, som har størst potensiale for å binde karbon i røtene (Rasse m.fl, 2019). I Vestland fylke har fleire av dei indre fjordarmane elvedelta og breddalføremed høg andel mineraljord (ofte ei blandig av silt og sand)Eit døme på dette er Lærdal, men ein finn det og i andre jordbrukskommunar som Førde, Jølster, Gloppen, Stryn og Voss, Krossdalen. På grunn av dei lettdrevne og flate jordene, finn ein der større, moderne produksjonar av frukt, bær og grønsaker. I grønsaksproduksjonane med stor grad av open åker kvart år, vil ein kunne ha stor nytte av å ha fangvekster. Fangvekstene held på næringsstoff og bygger karbonlager i jorda - les meir om dette i del 2 av artikkelserien Karbonbinding i Vestlandsjord. Systematisk beiting og moderat beitetrykk vil enkelte tilfelle kunne binde karbon i jord.    

Prosjekt om karbonbinding i vest 

  • NLR Vest og Simas (gjenvinningsselskap) skal i eit nytt prosjekt, som startar i 2020, sjå på korleis fangvekstar og kompost, kan innverke på jordhelsa i jord til grønsaks- og fruktproduksjonen i Lærdal. Prosjektet Lokal kompost som klimatiltak, er støtta av klima og miljømidlar frå Fylkesmannen i Vestland. 

  • NLR Vest og Voss kommune driv og eit prosjekt, som ser på karbonbinding i jord i Vossa-jordbruket. Dette prosjektet er inne i sitt andre prosjektår i 2020, og ein vil sjå på kva for landbrukspraksis ein må iverksette for å sikre at karboninnhaldet i jorda aukar eller stabiliserer seg og ikkje går ned. Prosjektet undersøker også ulike former for regenerative jordbruksmetodar, retta mot fôrproduksjon og husdyrproduksjon med høg andel beiting. Ein kan følgje facebookgruppa Karbonfangst i Vossajordbruket for å få meir informasjon om prosjektet, som er støtta av Vestland fylkeskommune og Fylkesmannen i Vestland.  

  • Njøs frukt- og bærsenter driv også eit prosjekt kor ein ser på potensialet for å binde karbon i jord når ein dyrkar frukt. Ved hjelp av jorddekke og såing av underkulturar, vil prosjektet hauste praktisk erfaring med å binde karbon i jord. Prosjektet er inne i sitt siste prosjektår i 2020, og er støtta av Landbruksdirektoratet sine utviklingsmidlar for økologisk landbruk 

Djupdykk i Vestlandsjordbruket si jord 

Filmen under viser eit foredrag av forskar Samson Øpstad frå NIBIO Furuneset i 2019, kor han skildrar eigenskapar ved vestlandsjorda, tiltak for å hindre klimagassutslepp og potensiale for å ta opp eller halde på karbonet i vestlandsjorda. På slutten av opptaket presenterer Gunnlaug Røthe (etter 56 min) frå NLR Vest, tal og analyser av jordprøver frå Voss-og eit utval landbruksdistrikt i Vestland fylke. Opptaket gjev eit godt innblikk i korleis ein må tenkje i teori og praksis, for å legge rette for ei klimasmart drift på ein vestlandsgard:  

Litteraturliste:  

Denne lista er sett opp for deg som vil lese vidare og gå djupare inn i temaet om karbonbinding i jord. Det er eit utval av aktuell norsk litteratur, og det er referert til fleire av dei i denne artikkelen.  

Grønlund og Harstad. Klimagasser fra jordbruket. Kunnskapsstatus og utslippskilder og tiltak for å redusere utslippene. NIBIO (tidl. BIOFORSK), 2014. Rapport 9-11.  

Rasse m.fl: Muligheter og utfordringer for økt karbonbinding i jordbruksjord. NIBIO, 2019. Rapport vol. 5 nr. 36.  

Serikstad m.fl. Karbon i jord – kilder, handtering, omdanning. NORSØK, 2018. Rapport: Vol.3, nr. 9.  

Nasjonalt program for jordhelse. Landbruksdirektoratet, 2020. Rapport nr. 13.  

NIBIO sine ressursider for myrjord. Sjå også artikkelen av Øpstad i Bondevennen nr 17, til nedlasting på denne sida.  

NIBIO sin ressursside for Karbonbinding i jord og klimagassutslipp fra landbruksjord. Sjå også artikkelen av Øpstad i Bondevennen nr 11 til nedlasting på denne sida. 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.