Mindre frukt

2019 var i hovudsak eit godt fruktår med rekordhøge avlingar av plomme og gode avlingar av eple. Foreløpige prognosar tyder på at det vert lågare produksjon i 2020.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 14.07.2020

Ingen stad i verda vert det produsert frukt så langt mot nord som i Noreg. Norsk fruktproduksjon er no aukande, men produksjonen er utsett for svingingar, mykje grunna variabelt klima. Bestemmande for avlingane er både fjorårets avlingsnivå, klimatilhøva om hausten under blomedanninga, vinterklimaet, temperatur og nedbørshøva i blømingstida på våren og temperaturane i vekstsesongen. Generelt vil det trekke opp om temperaturane i blomeinduksjonsfasen på hausten er høge, at temperaturane er stabile og under null grader om vinteren, og veret er varmt og det er lite nedbør i blømingsperioden i april-mai.

Prognosar

I eit prosjekt støtta av Fylkesmannen i Vestland gjer Aksel Døving i Norsk landbruksrådgiving, som har doktorgrad innan avlingsprognosar, ein jobb for å rekne på kva klimaet gjennom året har å seie for avlingane i sesongen som kjem. Dersom ein nyttar lange tidsrekker med avlingstal, kan ein nemleg finne eit mønster i samanhengen mellom avling og klima. Ut frå statistikken kan ein dermed lage matematiske modellar som kan brukast både til å forklare klimaverknadane og til å prognosere avlingane.

Alle stadar får han at avlingane i år vert mindre enn gjennomsnittsavlingane. Ei stor avling i fjor, ein varm vinter og ein kald vår er faktorane som bidreg mest til reduserte avlingar i år.

Denne prognosen vert støtta av fruktlagerinspektør Leif Øie, som har samla informasjon om forventa avling frå dei ulike fruktmottaka i landet. Gjennomgåande vert det meldt om nesten 30 prosent forventa nedgang i avling samanlikna med toppåret 2019. Nedgangen ser ut til å verte størst for plomme, men det er også forventa lågare epleavlingar.

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.