Koronavirus og sesongarbeid i landbruket

Fylkesmannen får mange spørsmål knytt til sesongarbeid i samband med koronavirusutbrotet. Her har vi samla viktig informasjon og lenker.

Landbruket i Vestland treng mange sesongarbeidarar, berre i hagebruket er det behov for om lag 2000 sesongarbeidarar for å hauste årets avling. Behovet varierer stort mellom gardar og produksjonar, og det er ulike omsyn å ta om ein har 1 eller 60 sesongarbeidarar på garden.

Vi vil understreke at dette ikkje berre handlar om utanlandsk sesongarbeidskraft, sjølv om det har vore mest vanleg. I dagens situasjon med 10 – 15 prosent arbeidsløyse, både må og vil det bli brukt meir innanlandsk arbeidskraft.

Under har vi samla relevant informasjon, reglar og råd frå sentrale myndigheiter, som vi trur vil vere nyttig for kommunane og næringa.

Vi gjer merksam på at nasjonale føringar og regelverk fort kan endre seg.

Rettleiar for smittevern i produksjon av frukt, bær, grønsaker og potet

I rettleiaren vert det gjeve råd og informasjon om godt smittevern til norske produsentar av frukt, bær, grønsaker og potet, for å bidra til at:

  • Arbeidstakarane held seg friske
  • Matproduksjonen vert halde oppe
  • Mat som vert produsert er trygg

Dei tre viktigaste tiltaka for å bremse covid-19 er:

  • Sjuke personar skal ikkje vere på arbeid
  • God hygiene
  • Redusert kontakt mellom personar

Alle som på ein eller annan måte er involvert i norsk grønt-produksjon vil finne relevant stoff i rettleiaren. Mellom anna er innkvartering, reisekarantene, smitteverntiltak og sjukdomsutbrot grundig omtala i han. Overordna er det arbeidsgjevars helse-, arbeidsmiljø- og tryggleiksarbeid som skal syte for at arbeidstakarar held seg friske og trygge på arbeid, og at matproduksjon og mattryggleik vert ivareteke. Rettleiaren er óg til god nytte for kommuneoverlegar si vurdering av smitteverntiltak på gardsbruk og eventuelle behov for isolering av arbeidstakarar ved sjukdomsutbrot.

Rettleiaren finn du på Mattilsynet si heimeside.

Overordna informasjon om reglar og innførte tiltak

Regjeringa har samla informasjon om alle nasjonale reglar og tiltak som er innført: https://www.regjeringen.no/no/tema/koronavirus/nasjonale-tiltak/id2693684/

Oversikt over alle artiklar og informasjon som Fylkesmannen publiserer i samband med koronautbrotet er samla her.

Relevante lenker til informasjon frå sentrale helsemyndigheiter kan du finne her.

Rekruttering av arbeidskraft

Det er per i dag stor arbeidsløyse pga koronautbrotet, og Regjeringa ynskjer primært å løyse arbeidskraftsbehovet i landbruket ved hjelp av innanlandsk arbeidskraft.

NAV har samla informasjon om formidling av arbeidskraft på www.arbeidsplassen.no.

Det finns òg private initiativ for formidling av arbeidskraft i landbruket:
https://www.bordtiljord.no/
http://www.landbrukstjenester.no/

Kan kombinere dagpengar og sesongarbeid

Regjeringa har i dag 1. april innført ei ordning på dette området.
https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/mer-gunstig-a-kombinere-dagpenger-og-sesongarbeid-i-landbruket/id2696023/ 

Innreise til Noreg for utanlandske arbeidarar med arbeidsavtale

Regjeringa har 6. mai opna for innreise for sesongarbeidarar i landbruket frå land utanfor EØS.

https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/apner-for-innreise-for-sesongarbeidere-i-landbruket/id2701300/ 

Dette er ei ytterlegare oppmjukning av innreiseforbodet som vart innført i Noreg etter koronautbrotet i mars. Den 8. april justerte regjeringa bortvisingsforskrifta §1 slik at innreiseforbodet ikkje gjaldt EØS-borgere som er arbeidstakere og som har tiltrådt eller skal tiltre et arbeidsforhold i Norge. Sjå også Rundskriv G-9/2020.

UDI har samla informasjon som spørsmål og svar på sine nettsider. Vi gjer merksam på at nasjonale regelverk fort kan endrast, og det er viktig å halde seg oppdatert på gjeldande føringar og reglar.

https://www.udi.no/om-koronasituasjonen/eu-eos-borgere/#link-18066

Risikoavlastning for grøntprodusentar

Staten og faglaga i landbruket vart den 20.04. samde om utforminga av ei ordning for risikoavlasting dersom dyrkarane får avlingssvikt på grunn av mangel på arbeidskraft. Ordninga vert gjeldande berre dersom mangelen på arbeidskraft skuldast restriksjonar sett av norske eller utanlandske myndigheiter knytt til ut- eller innreise, eller at innførde restriksjonar fører til at arbeidarar som er på plass ikkje får utføre arbeidet sitt. Ordninga vert teke inn i forskrift om avlingsskade. Du finn meir informasjon om dette her. Du finn meir informasjon om dette her.

Forskrifta kjem på høyring i løpet av kort tid.

Smittevern og drift av frukt- og bærmottak

Drift av pakkeria er berebjelken i frukt- og bærproduksjonen. Difor er det viktig å redusere risiko for smitte så langt det er mogleg i drifta. Det er viktig at alle verksemder held seg oppdatert og etterlever krav til smittevern frå Helsedirektoratet, kommunen og Mattilsynet. Kommunelegen/smittevernlegen skal ha oversikt over alle som har påvist smitte med Koronaviruset. Det er viktig at verksemdene sikrar seg at kommunane får kjennskap til utbrot som kan virke inn på smittesituasjonen, slikt at dei blir i stand til å vurdere om det er nødvendig med spesifikke smittetiltak. I smittevernrettleiaren nemnt først i denne artikkelen er det samla mykje relevant informasjon som kan nyttast i risikovurderinga som pakkeria må gjere i samband med utbrotet av covid-19.

Kommuneoverlegen/smittevernlegen kan å gjere skjerpande vedtak for å verne innbyggarane i eigen kommune mot smitte, og det er viktig å vere i god dialog med kommunen om råd for forsvarleg organisering av drifta.