Erstatning etter avlingssvikt

Gardsbruk med store avlingstap kan søkje om erstatning innan 31. oktober. Søknadsfristen er endeleg. Vi tilrår å søkje elektronisk via Altinn.

Søknaden blir motteke av kommunen, som gir uttale til søknaden og sender saka vidare til fylkesmannen. Vedtak om erstatning blir fatta av fylkesmannen og utbetaling skjer fortløpande.

Krav om å ha gitt melding til kommunen

Skaden bør ha vore meld til kommunen så snart ein har mistanke om skade. Kommunen må ha høve til å kontrollere skadeårsaka. Søkjar må sjølv dokumentere årsaka til skade.

Meir enn 30 % tap for å få erstatning

I erstatningsordninga er det ein eigenrisiko på 30% av snittavlinga for føretaket. Dette inneber at føretak som har over 70% av normal avling ikkje får erstatning.

Ein må vurdere alle årsakene til skade

Det blir berre gitt erstatning til direkte skade etter klimatiske tilhøve, mellom anna vinterskade på eng, vanskelege veksttilhøve som frost og vanskelege innhaustingstilhøve som mykje nedbør. Skade etter sjukdommar, skadedyr og ugras gir ikkje rett til erstatning, sjølv om klima er indirekte årsak. Ein kan heller ikkje få erstatning for tap av morellar etter at vind har øydelagt dekkesystemet.

For å få full erstatning må prinsippa for god agronomi vere følgt. I nokre tilfelle kan det vere dårleg drenering eller tråkkskade hausten før som er noko årsaken til at enga ikkje gir normalt avling. Etter vinterskade må ein har utført tiltak for å sikre best mogleg avling. Frukt må vere planta på plassar som er godt eigna for frukt, i høve til frost i bløminga, kastevindar og anna.

Det er krav om at avlinga blir hausta. Unntaksvis kan ein gje erstatning for uhausta areal, til dømes ved ekstraordinært vanskelege hausteforhold eller når haustekostnaden overstig verdien av avlinga. Kommunen må etter kontroll på bruket godkjenne manglande hausting og vurdere kva avling som står uhausta.

Snittavling i frukt, bær og anna planteproduksjon

Snittavlinga på føretaket er utgangspunktet for forventa avling i skadeåret, og blir rekna ut frå dei siste 5 åra. Søkjaren kan stryke det dårlegaste året i perioden, som då blir erstatta med det siste året før gjennomsnittsperioden. Ved oppbygging, nedbygging, omlegging av drifta og store endringar i areal i bæring frå snittåra til skadeåret kan Fylkesmannen fastsetje snittavlinga skjønnsmessig.

Snittavlinga blir rekna samla innanfor kvar av dei 6 vekstgruppene grovfôr, frukt, bær, potet, grønsaker og korn. Til dømes kan ei god avling i eple kan vege opp for ei dårleg plommeavling, slik at det totale avlingstapet i vekstgruppa frukt gjerne ikkje blir stort nok til å kunne få erstatning.

Snittavling av grovfôr på husdyrbruk

Avlinga i snittåra blir berekna ut frå normtal for kommunen. Normavling for alle kommunane i Hordaland og Sogn og Fjordane er sett til å vere 540 FEm/daa på fulldyrka eng og 430 Fem/daa på overflatedyrka eng og andre grovfòrvekstar.

Ofte vil det vere andre årsakar enn klima til at ein ikkje har nådd full «normavling» på eit føretak. Søkjar og kommunen må gjere ein systematisk gjennomgang av driftstekniske og naturgitte faktorar som påverkar avlingsmengda, til dømes driftsintensitet, jordkvalitet og høgd over havet samanlikna med snittet for kommunen. Ut i frå dette skal både søkjar og kommune fastsette kor stor del av avlingssvikten som skuldast klima i prosent.

Normavlinga for økologisk drift er 25 % mindre enn den aktuelle normavlinga. Kravet er at meir enn halvparten av arealet blir økologisk dyrka i skadeåret. Areal under omlegging blir ikkje rekna som økologisk.

Utrekning av grovfôravling i skadeåret

Årets avling omfattar oppmålt fôrlager når dyra vert sett inn om hausten pluss grovfôropptak frå nullbeiting (fôring med friskt gras), fôring av årets hausta avling og beiting på dyrka jord. Oppmålinga skal skje etter at innhaustinga er avslutta og på det tidspunktet når hovudtynga av dyra vert sett inn eller vert fôra inne. Det vert rekna svinn av oppmålt fôrlager.

Dokumentasjon

Opplysningar må bli dokumentert med vedlegg. Opplysningar som vert stadfesta av rekneskapskontoret treng ikkje dokumenterast med kopi av rekneskapsbilag. Dei som fører eige rekneskap må få stadfesting av revisor eller av kommunen etter kontroll mot hovudboka i rekneskapen.

Ikkje full erstatning av reelt tap

Føremålet med ordninga er å redusere økonomiske tap som oppstår ved produksjonssvikt forårsaka av klimatiske tilhøve som det ikkje er mogleg å sikre seg mot. Det blir difor brukt standard satsar som ikkje er meint å vere like dei faktiske prisane. Det er ikkje mogleg å få høgare sats per kg frukt eller bær sjølv om ein har direktesal med høgare pris. Berekna erstatning under kr 5.000 og over kr 750.000 blir ikkje utbetalt. Det er eigne satsar for kvar vekst, sjå "satsforskrifta".

Regelverk

Fleire avklaringar om regelverket kan ein finne i:

  • «Erstatningsforskrifta»: Forskrift om erstatning ved klimabetingede skader i plante- og honningproduksjon. FOR-2012-01-17-56.
  • «Sats- og berekningsforskrifta»:
    Forskrift om satsar for og berekning av erstatning ved klimabetinga skader i plante- og honningproduksjonen (endra 01.08.2019).
  • Rundskriv 2019-30 frå Landbruksdirektoratet: «Erstatning ved klimabetinga avlingssvikt" av 07.10.2019.

Regelverket finn du på nettsidene til Landbruksdirektoratet.