Spesialiserande kurs i økonomisk rådgjeving 2-3. april 2019

Dato:
2. april 2019 - 3. april 2019
Sted:
Scandic Ørnen, Lars Hilles gate 18, 5008 Bergen
Ansvarlig:
Fylkesmannen i Vestland
Målgruppe:
Sakshandsamarar i Nav/kommunane som arbeider med økonomisk rådgjeving eller gjeldsrådgjeving
Påmeldingsfrist:
15.03.2019 23:59:00

Fylkesmannen i Vestland inviterer til spesialiserande kurs i økonomisk rådgjeving (tidlegare vidaregåande kurs i økonomisk rådgjeving). Kurset rettar seg særleg mot sakshandsamarar som arbeider med økonomisk rådgjeving eller gjeldsrådgjeving.

Dette kurset er eit pilotkurs, og er det første spesialiseringskurset som blir heldt i landet.

Målgruppe og fagleg nivå på kurset

Spesialiserande kurs i økonomisk rådgjeving er det siste kurset i ei ny kursrekkje innanfor økonomisk rådgjeving initiert av Arbeids- og velferdsdirektoratet. Kursrekkja vil innehalde innføringskurs, grunnleggjande kurs (fagleg nivå tilsvarande tidlegare grunnkurs i økonomisk rådgjeving) og spesialiserande kurs (fagleg nivå tilsvarande tidlegare vidaregåande kurs i økonomisk rådgjeving).

Kurset krev forkunnskapar tilsvarande grunnkurset i økonomisk rådgjeving. Det blir forventa at deltakarane har teke grunnkurset i 2018 (eller tidlegare), eller har tilsvarande kunnskapar, og at dei arbeider med økonomisk rådgjeving eller gjeldsrådgjeving. Om det er spørsmål knytt til dette, ta kontakt med Inger-Helene Søgnen, sjå under «Kontaktpersonar».

Program for kurset finn du under fana "Dokument". Bla ned på sida for å kome til påmeldingsskjemaet. For spørsmål, ta kontakt med Inger-Helene Søgnen eller Elisabeth Lund-Iversen, sjå under «Kontaktpersonar».

Bakgrunn

Arbeids- og velferdsdirektoratet har gjeve Fylkesmannen i oppdrag å hjelpe kommunane med å styrkje kompetansen innanfor økonomisk rådgjeving og gjeldsrådgjeving i Nav-kontora.

Føremålet med det spesialiserande kurset i økonomisk rådgjeving er å sikre best mogeleg kvalitet på tenesta økonomisk rådgjeving og gjeldsrådgjevinga ved å auke kompetansen i Nav-kontora.

Økonomisk rådgjeving er ei av kjerneoppgåvene i Nav-kontoret, og spelar ei viktig rolle som eitt av fleire tiltak som kan bidrag til at den enkelte kan overvinne ein vanskeleg livssituasjon. Rådgjevingsplikta er heimla i sosialtenestelova § 17.

Førelesarar

Begge dagar: Daniel Bergamelli frå Fylkesmannen i Trøndelag og Inger-Helene Søgnen frå Fylkesmannen i Vestland.

Deltakartal

Det er begrensa tal plassar på kurset. Om det vert fleire påmeldte enn plassar, vil vi prioritere mellom dei påmeldte.

Om det er naudsynt å prioritere, vil vi prioritere slik:

  • Nav-tilsette som deltok på grunnkurs i 2018 blir prioritert.
  • Vi prioriterer slik at vi får deltakarar frå flest mogeleg Nav-kontor. Nav-leiar/Sosialsjefar vil få beskjed om kor mange plassar Nav-kontoret kan få, og blir bedne om å prioritere mellom tilsette som er påmeldt.
  • Påmeldte som ikkje arbeider i Nav/kommunen kan ikkje rekne med å få plass.

Påmelding og overnatting

Du melder deg på via skjemaet under innan fredag 15. mars 2019 kl. 23:59. Påmeldinga er bindande. Ønskjer du å melde deg av kurset, tek du kontakt med kontaktpersonane for kurset. Avmeldingsfristen er same frist som påmeldingsfristen: fredag 15. mars 2019 kl. 23:59.

Stadfesting på plass på kurs og eventuell overnatting sendast ut etter at påmeldingsfristen er gått ut.

Vi oppmodar dei påmeldte til å nytte kollektivtransport til og frå kurset. For dei som vel å køyre, opplyser hotellet at Bygarasjen (Bergen busstasjon) er næraste parkeringsalternativ.

Deltakarar med særleg lang reiseveg, kan få dekt hotellopphald frå 1-3. april om dette er naudsynt. Deltakarar med lang reiseveg får dekt hotellopphald frå 2-3. april. Vi gjer merksam på at vurderinga for om ein får dekt overnatting praktiserast strengt. Hotellovernatting utover dette og reisekostnadar må deltakarane ordne og dekke sjølve.

 

Legg til i egen kalender
Dato:
2. april 2019 - 3. april 2019
Sted:
Scandic Ørnen, Lars Hilles gate 18, 5008 Bergen
Ansvarlig:
Fylkesmannen i Vestland
Målgruppe:
Sakshandsamarar i Nav/kommunane som arbeider med økonomisk rådgjeving eller gjeldsrådgjeving
Påmeldingsfrist:
15.03.2019 23:59:00