Webinar - Kort veg til gode hjelparar

Dato:
16. desember 2020 09.00 - 11.00
Sted:
Webinar
Arrangør:
Fylkesmannen i Vestland
Målgruppe:
Næringsutviklarar knytt til landbrukskontor, næringsråd, næringshagar og kommunale næringsrådgjevingsteneste

Korleis kan du bidra til næringsutvikling, arbeidsplassar og ny aktivitet i ei tid der samfunnet treng nyskaping og omstilling? Korleis få til gode møte og god rettleiing for bønder som vil skape noko nytt og utvikle verksemda si?

Publisert 10.11.2020

Vi inviterer næringsutviklarar knytt til landbrukskontor, næringsråd, næringshagar og kommunale næringsrådgjevingsteneste til webinar 11. og 16. desember.

Innhaldet har også nytteverdi for rettleiing i andre næringar.


Webinara blir fredag 11. desember og onsdag 16. desember klokka 9-11.
Det er mogeleg å berre delta første dagen.


Første samling – fredag 11. desember kl. 9-11:

  • Innovasjon og gründerskap – kva er spesielt i landbruksnæringane?
  • Korleis kan du bidra til næringsutvikling i landbruket gjennom det gode møtet med bonden?
    - førebuing
    - gjennomføring
    - oppfølging

  • God hjelp treng ikkje vera tidkrevjande – å fange opp behov og finne dei rette hjelparane.
    - overblikk over behov
    - tilvisingskompetanse


Andre samling – onsdag 16. desember klokka 9-11:

  • Oppfølging og gode verktøy
    - Viktige føresetnader for å lukkast i utviklingsarbeidet på garden
    - Forretningsmodell Canvas (praktisk verktøy for heilskapstenking og ved søknad om støtte)
  • Å vere drivkraft for næringsutvikling i landbruket

Det blir innleiingar, diskusjon og arbeid i grupper.

Påmeldingsfrist er onsdag 9. desember.

Det vert sendt lenke til deltakarane i forkant av samlingane.

Vel møtt!

 

 

Meld deg på her:

Deltar:
Dato:
16. desember 2020 09.00 - 11.00
Sted:
Webinar
Arrangør:
Fylkesmannen i Vestland
Målgruppe:
Næringsutviklarar knytt til landbrukskontor, næringsråd, næringshagar og kommunale næringsrådgjevingsteneste

Kontaktpersoner