Webinar om gjødslingsplan – vurderingar etter regelverket

Dato:
26. november 2020 13.30 - 15.30
Sted:
Webinar i Teams – lenkje blir sendt til påmelde deltakarar
Arrangør:
Fylkesmannen i Vestland
Målgruppe:
Kommunale sakshandsamarar innan husdyrgjødsel og produksjonstilskot i landbruket, rådgivingsteneste og faglag

Fylkesmannen i Vestland inviterer landbruksforvaltinga i kommunane og rådgjevarar til webinar om gjødslingsplan 26. november. Det blir fokus på kva krav det er til gjødslingsplan, og vurderingar av kva som vil vere ein mangelfull gjødslingsplan.

Publisert 12.11.2020

Gjødslingsplanen er eit viktig verktøy for å sikre balansert gjødsling, som kan gi gode avlingar og avgrense tap av næringsstoff til vassdrag og luft. Ein gjødslingsplan i samsvar med forskriftene er vilkår for å unngå avkorting i arealtilskot.

Førebels program:

  • Krav til gjødslingsplan v/Fylkesmannen
  • Innhald og faglege vurderingar i ein gjødslingsplan v/Norsk landbruksrådgiving Vest
  • Krav til utforming av gjødslingsplan, sjekkliste for kontroll, avkorting v/Fylkesmannen
  • KSL-revisjon, prioriteringar og vurdering av gjødslingsplan v/KSL
  • Godkjenning av fleirårig plan eller dispensasjon v/Fylkesmannen

Vi tek imot innspel og spørsmål på førehand slik at vi kan tilpasse webinaret til behova. Lenka til arrangementet blir sendt til dei påmeldte dagen før.

Det er ein fordel å vere kjend med følgjande:
Krav om gjødslingsplan (Fylkesmannen i Vestland)
Forskrift om gjødslingsplanlegging

Frist for påmelding er onsdag 25. november kl 12.00.

 

Dato:
26. november 2020 13.30 - 15.30
Sted:
Webinar i Teams – lenkje blir sendt til påmelde deltakarar
Arrangør:
Fylkesmannen i Vestland
Målgruppe:
Kommunale sakshandsamarar innan husdyrgjødsel og produksjonstilskot i landbruket, rådgivingsteneste og faglag