Digital fagdag om førebygging av sjølvmord blant barn og unge

Dato:
26. november 2020 00.09 - 12.00
Sted:
Microsoft Teams - oppkoplingslenke blir sendt til deltakarane
Arrangør:
RVTS Vest, Fylkesmannen i Vestland, Fylkesmannen i Rogaland, RKBU, KoRus Bergen, KoRus Stavanger og NAPHA.
Målgruppe:
Tilsette i kommunane som jobbar med born og unge

Lær meir om korleis du møter born og ungdom som strevar med sjølvmordstankar. Presentasjonar frå webinar er no publisert under «Dokument».

Publisert 25.09.2020

RVTS Vest i samarbeid med fylkesmannen og andre samarbeidspartar inviterer til digital fagdag om dette viktige tema.

Her kan du sjå fullt program, og melde deg på fagdagen. Påmeldingsfrist er 19. november.

På fagdagen vil du lære meir om:

  • Korleis oppdage at nokon er i sjølvmordfare
  • Korleis førebygge sjølvmord
  • Konkrete verktøy for å intervenere ved sjølvmordsfare/kva ein bør gjere dersom ein mistenkjer at nokon er i sjølvmordsfare
  • Teieplikt, meldeplikt, opplysningsplikt - kva seier loven? kven gjer kva?
  • Korleis kan ein jobbe med familiar i krise?

I etterkant av fagdagen vil vi gje ut refleksjonsoppgåver som de kan nytte på eigen arbeidsplass for å drøfte ulike problemstillingar knytt til oppfølging av sjølvmordsproblematikk. Vi oppmodar fleire tilsette frå same arbeidsplass om å følgje den digitale fagdagen saman, og å setje av tid til å drøfte dette i etterkant av samlinga.

Dato:
26. november 2020 00.09 - 12.00
Sted:
Microsoft Teams - oppkoplingslenke blir sendt til deltakarane
Arrangør:
RVTS Vest, Fylkesmannen i Vestland, Fylkesmannen i Rogaland, RKBU, KoRus Bergen, KoRus Stavanger og NAPHA.
Målgruppe:
Tilsette i kommunane som jobbar med born og unge