Digitalt basiskurs i økonomisk rådgjeving

Dato:
10. juni 2020 08:45 - 12:30
Sted:
Digitalt
Arrangør:
Fylkesmannen
Målgruppe:
Rettleiarar i Nav
Påmeldingsfrist:
27.05.2020 12:00:00

Kurset er fullbooka. Målet med basiskurset er å gje deltakarane kunnskap om å avdekkje og førebyggje økonomiske problem, uavhengig av stilling og arbeidsoppgåver i Nav-kontoret. 

Kurset er fullbooka, og vi har difor stansa påmeldinga. Vi vurderer å setje opp fleire basiskurs seinare. 

Basiskurset er ein del av Fylkesmannens kursrekkje innan økonomisk rådgjeving, og det første kurset i ei rekkje på tre; basiskurs, grunnkurs og vidaregåande kurs. Fylkesmannen i Vestland har ikkje gitt tilbod om basiskurs tidlegare.

Kurset er digitalt, og varer frå kl. 08.45 – 12.30. Program kjem.

Dette er kurset for Nav-tilsette som:

  • Arbeider med statlege oppgåver, eller
  • Er nytilsett, eller
  • Treng heilt grunnleggjande kunnskap om økonomisk rådgjeving

Om du har delteke på grunn- eller vidaregåande kurs i økonomisk rådgjeving tidlegare, er du ikkje i målgruppa for dette kurset. Om du er usikker på om du er i målgruppa, ta kontakt med Inger-Helene Søgnen eller Sunniva T. V. Skogen. Kontaktinformasjon finn du under fana «Kontaktpersonar».

Kva nytteverdi har det å kunne noko om tenesta økonomisk rådgjeving?

Økonomisk rådgjeving er ein lovpålagd individuell teneste etter sosialtenestelova paragraf 17. Tenesta er ei av kjerneoppgåvene i Nav-kontoret. Tilsette i Nav-kontora må difor ha grunnleggjande kunnskap om tenesta.

Mange kan ha økonomiske bekymringar eller problem sjølv om dei ikkje fortel om det. Basiskurset vil difor vere nyttig for deg som rettleiar, sjølv om brukar ikkje er i kontakt med deg for å få økonomisk råd og rettleiing, men for oppfølging på andre fagområde som ligg til Nav-kontoret.

Etter kurset skal du ha:

  • kunnskap om bakgrunn for økonomiske problem​
  • kunnskap om korleis du fangar opp brukarar med økonomiske bekymringar eller problem​
  • kunnskap om korleis du kan førebyggje økonomiske problem ​
  • auka medvit om kva økonomiske problem kan føra med seg ​
  • kunnskap og informasjon om tenesta økonomisk rådgjeving 
  • kjennskap til ulike tiltak – mellom anna utleggstrekk

For å få tilstrekkeleg kompetanse innan økonomisk rådgjeving, tilrår vi at Nav-tilsette og deltek på grunnkurs. Fylkesmannen i Vestland vil tilby grunnkurs til hausten. Det vidaregåande kurset rettar seg mot Nav-tilsette som skal arbeide konkret med økonomisk rådgjeving. Det vert ikkje tilbod om slikt kurs i år.

Føredragshaldarar på kurset er Inger-Helene Søgnen og Sunniva T. V. Skogen frå Fylkesmannen i Vestland.

Kurset er digitalt, og vert streama via Teams. Det vert lagt opp til dialog og mogelegheit for spørsmål. Dei som er påmeldt får tilsendt møteinnkalling på e-post med lenkje til teamsmøtet etter at påmeldingsfristen er gått ut.

Vi opnar for inntil 80 deltakarar frå Nav-kontora i Vestland på dette kurset. Om det er stor interesse, vil vi vurdere fleire basiskurs til hausten.

Dato:
10. juni 2020 08:45 - 12:30
Sted:
Digitalt
Arrangør:
Fylkesmannen
Målgruppe:
Rettleiarar i Nav
Påmeldingsfrist:
27.05.2020 12:00:00