Oppstartssamling for nasjonalpark- og verneområdestyre

Dato:
10. mars 2020 12:00 - 11. mars 2020 13:00
Sted:
Kviknes hotell, Balestrand
Arrangør:
Fylkesmannen i Vestland og verneområdeforvaltninga
Målgruppe:
Alle faste styremedlemmer og varamedlemmer i dei nye nasjonalpark- og verneområdestyra
Påmeldingsfrist:
23.02.2020 23:59:00

Verneområdeforvaltninga, i samarbeid med Fylkesmannen i Vestland, arrangerer oppstartssamling for dei nye nasjonalpark- og verneområdestyra som er oppnemnde etter valet i fjor.

Det vert føredrag frå Arne Nævra (naturfotograf og stortingsrepresentant) og innlegg frå Miljødirekotratet, Fylkesmannen, forvaltarar med fleire. Endeleg program kjem seinare.

Reise, opphald og møtegodtgjerdsle vert dekka av dei ulike styra sine driftsbudsjett.

Førebels program finn du i høgremargen.