Nettverkssamling om kvalifiseringsprogrammet 28. november 2019

Dato:
28. november 2019 09.00 - 15.00
Sted:
Skatteetaten, Nonnesetergaten 4, Bergen
Arrangør:
Fylkesmannen i Vestland
Målgruppe:
Nav-tilsette som gjer vedtak om kvalifiseringsprogram og følgjer opp deltakarar i programmet

Tema for samlinga blir innhald i kvalifiseringsprogram

Publisert 14.03.2019

Arbeids- og velferdsdirektoratet og Ny sjanse, kvalifiseringssenter for innvandrarar, deltar med innlegg. Vi legg opp til erfaringsutveksling mellom deltakarane om korleis lage gode, individuelt tilrettelagde kvalifiseringsprogram. Dette med utgangspunkt i case.

Nettverkssamlingane er ein fagleg møtestad og eit diskusjonsforum for Nav-tilsette som arbeider med kvalifiseringsprogrammet (KVP).

Praktisk informasjon og påmelding

Registrering i resepsjonen hjå Skatteetaten frå kl. 08.30.

Samlinga er gratis, og deltakarane får servert enkel lunsj. Om du har matallergiar, eller det er anna informasjon som er viktig for arrangør å vite om, opplyser du om dette i merknadsfeltet i påmeldinga. Fylkesmannen i Vestland bestiller og dekkjer kostnad med hotellovernatting 27-.28- november 2019 for deltakarar som treng det grunna lang reiseveg. Denne regelen blir praktisert strengt. Dei som har behov for overnatting melder frå om det i påmeldingsskjemaet. Fylkesmannen dekker ikkje reiseutgifter.

Det er avgrensa tal plassar og Fylkesmannen tek difor atterhald om å kunne prioritere mellom dei påmelde, slik at flest mogeleg kommunar vert representerte. Personar som ikkje er tilsette i Nav-kontor kan ikkje rekne med å få plass på samlinga.

Påmeldingsfrist er 11.november. Vi sender ut endeleg stadfesting om tildelt plass på samlinga etter at påmeldingsfristen er gått ut.

Meir om nettverkssamlingane og arbeidsgruppa finn du her.

Dato:
28. november 2019 09.00 - 15.00
Sted:
Skatteetaten, Nonnesetergaten 4, Bergen
Arrangør:
Fylkesmannen i Vestland
Målgruppe:
Nav-tilsette som gjer vedtak om kvalifiseringsprogram og følgjer opp deltakarar i programmet