Fagdag om vald og overgrep mot barn

Dato:
20. november 2019 09.00 - 15.15
Sted:
Skei, Thon hotel Jølster
Arrangør:
Helse Førde og Fylkesmannen
Målgruppe:
Legar og anna helsepersonell

Målet med fagdagen er å auke tilsette sin kjennskap til kva tilbod og ressursar vi har i regionen, og korleis ein skal gå fram ved mistanke om vald og overgrep mot barn og unge.

Publisert 26.06.2019

Deltakarane vil lære meir om dei ulike offentlege tilboda og korleis avdekke og følgje opp omsorgssvikt.

Kurset er gratis og det vert servert lunsj.

Norsk Sykepleierforbund og Fagforbundet har godkjent kurset som kompetansegivande med totalt 6 timar.

Den norske legeforening godkjenner kurset med 6 timar som valfritt kurs for legar i spesialisering og spesialistane si etterutdanning i allmennmedisin, pediatri og ortopedisk kirurgi.