Regelverkssamling om kommunal tilrettelegging i barnehagen

Dato:
7. mai 2019 10.00 - 15.30
Sted:
Scandic Hotell Ørnen, Bergen
Arrangør:
Fylkesmannen i Vestland
Målgruppe:
Barnehagemyndigheita i kommunen/barnehageansvarlege i kommunen.

Vi har gleda av å invitere barnehagemyndigheita/barnehageansvarlege i kommunane i Vestland (Hordaland og Sogn og Fjordane) til samling om barnehagelova § 19 g.

Publisert 13.03.2019

Fylkesmannen i Vestland vil denne våren halde tre regelverkssamlingar om barnehagelova § 19 g ‐ tilrettelegging i barnehagen for barn med nedsett funksjonsevne. Samlingane skal bidra til lik forståing og praksis av regelverket. Sjå førebels program til høgre.


Opplegget vil vere det same alle dagane, og vi legg opp til førstemann til mølla når det gjeld påmelding til dei ulike datoane. Av omsyn til program og opplegg ønsker vi maks deltaking frå 20‐25 kommunar per samling.

Meld deg på ei av desse samlingane:

  • Førde - 24. april 2019
  • Voss - 25. april 2019
  • Bergen - 7. mai 2019


Spørsmål som kan vere av interesse å ta opp i plenum, tek vi gjerne imot i forkant. Desse kan sendast til: fmvlpost@fylkesmannen.no og merkast med ref.nr: 2019/6097.

Påmeldingsfrist: 25. mars 2019


Det er bindande påmelding. Fylkesmannen i Vestland dekker utgifter til lokale og lunsj. Viss du har behov for overnatting, må dette bli ordna av kommunen sjølv.

 

Lenke til påmelding

Dato:
7. mai 2019 10.00 - 15.30
Sted:
Scandic Hotell Ørnen, Bergen
Arrangør:
Fylkesmannen i Vestland
Målgruppe:
Barnehagemyndigheita i kommunen/barnehageansvarlege i kommunen.

Dokumenter