Vidareføring av endringar i kommunestrukturen

Stortinget har lagt til grunn at det framleis er behov for endring i kommunestrukturen, og som i kommunereforma skal Fylkesmannen ha ei sentral rolle i dette arbeidet

I kommuneproposisjonen for 2019 er det vidare arbeidet med endringar i kommunestrukturen presentert. Det er særskilt peika på to tilhøve som gjer det nødvendig med fleire kommunesamanslåingar:

  • Kapasitet og kompetanse i små kommunar
  • Behov for ein meir heilskapleg, samordna og berekraftig samfunnsutvikling i byområde

Etter kommunereforma skal 119 kommunar slå seg saman til 47 nye kommunar, og det blir 356 kommunar i landet frå 2020. Men framleis vil nesten halvparten ha mindre enn 5000 innbyggjarar. I nye Vestland fylke blir det 43 kommunar frå 2020, mot dagens 59. Som for landet vil halvparten (21) ha under 5000 innbyggjarar, av desse 15 under 3000.

Offentlege kartleggingar og undersøkingar viser at kommunar under 5000 innbyggjarar har gjennomgåande utfordringar med tilstrekkeleg kapasitet og kompetanse på ulike ansvarsområde. Dette gjer det vanskeleg å ta i vare generalistkommuneprinsippet[1] og gje innbyggjarane likeverdige tenester. I kommuneproposisjonen blir det gjort nærare greie for utfordringane med tilstrekkeleg kapasitet og kompetanse i dei minste kommunane, og korleis endå fleire interkommunale samarbeid vil svekke det norske generalistkommunesystemet.

I vekstkommunar rundt byane går tettstadsgrenser og pendling i aukande grad på tvers av kommunegrenser. Dette gjer det utfordrande å planleggje og gjennomføre tiltak for betre kommunikasjon, infrastruktur, næringsområde og tenestetilbod. Samfunnsplanlegginga blir meir heilskapleg og berekraftig når ein kan sjå større areal og fleire innbyggjarar innan same kommune.

Stortinget har vedteke at gode frivillige prosessar skal vere utgangspunkt for endringar i kommunestrukturen i perioden 2017 – 2021. Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) følgjer opp ev. vedtak frå kommunane om samanslåing fram til vedtak av Kongen i statsråd.

Kommunar som slår seg saman får eit eingongstilskot etter ein standardisert modell basert på tal kommunar og tal innbyggjarar i samanslåinga. Minstesatsen for to kommunar under 15000 innbyggjarar er 25 mill. kroner. Det nye eingongstilskotet blir utbetalt når samanslåinga er vedteke nasjonalt. Inndelingstilskotet blir vidareført.

Fylkesmannen sitt oppdrag

Fylkesmannen får ei sentral rolle i arbeidet framover. Vi skal stimulere til gode diskusjonar om utfordringar i dei enkelte kommunane og om moglegheiter som kan ligge i strukturendringar, og bidra til samanslåingar der det ligg til rette for det. Til denne oppgåva vil vi i stor grad nytte etablerte kontaktar og møteplassar med kommunane, som kommunebesøk, planprosessar, møte, tilsyn, konferansar og nettverk.