Fordeling av resterande skjønnsmidlar

Fylkesmannen har fordelt resterande skjønnsmidlar til kommunar i Hordaland og Sogn og Fjordane med til saman 12 mill. kroner.

Beløpa for ikkje-fordelte skjønnsmidlar i 2019 var kr 5 950 000 for Hordaland og kr 6 045 000 for Sogn og Fjordane. Vi har bede departementet om at midlane blir fordelte til følgjande kommunar:

Hordaland Kroner
Bergen 400 000
Samnanger 1 400 000
Askøy 2 250 000
Austrheim 1 900 000

 

Sogn og Fjordane Kroner
Flora 3 000 000 
Hyllestad 500 000
Årdal 900 000
Jølster 545 000
Naustdal 1 100 000

 

I fordelinga har Fylkesmannen lagt vekt på heilskapleg økonomi, vurdert i samanheng med enkelte hendingar og særlege tilhøve som har oppstått i kommunane i løpet av budsjettåret, og som ikkje blir vareteke gjennom inntektssystemet eller andre tilskotsordningar. Saman med dette er det også gjort vurderingar av økonomien for enkelte kommunar i overgangen til ny kommune frå 2020. I vedlagde brev er det nærmare omtalt kva omsyn vi har lagt vekt på for kvar kommune.