Økonominettverksamling på Voss 20. og 21. oktober 2020

Vi prøver på nytt med ei haustsamling i økonominettverket. Denne blir lagt til Park Hotel Vossevangen. Tema for samlinga vert m a budsjett og økonomiplan - mogelegheiter og utfordringar etter ny lov og forskrift, statsbudsjett 2021 og Kostra.

Vi startar samlinga med lunsj den 20. oktober og avsluttar etter lunsj den 21. oktober. Vi må ta forbehold om gjennomføring dersom det blir endringar i smittevernsreglar i f m pandemien.

Målgruppe for samlinga er økonomisjefar/leiarar, rekneskaps- og økonomimedarbeiderar i kommunane i Vestland, og for revisjonen.

Vi kjem attende med program, prisar og påmelding rett etter sommarferien, men ber dykk setje av dagane allereie no!