Kostra-rapportering for 2018

Kommunane, interkommunale selskap og kommunale føretak skal rapportere elektroniske skjema og filuttrekk til Statistisk sentralbyrå (SSB) innan 15. februar 2019.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 09.01.2019

Elektronisk rapportering kan skje frå og med 2. januar 2019. Frist for rapportering av helse- og omsorgstenester, sosialhjelp, kvalifiseringsstønad og barnevern, er sett til 15. januar 2019. IPLOS data skal rapporteriast til Kommunalt pasient- og brukerregister (KPR) innan same dato.

For rapportering av øvrige tenesteskjema og rekneskapsdata er fristen 15. februar 2018. Kommunar som ikkje har bestemte ordningar eller ikkje har mottakarar for sosialhjelp det aktuelle året, skal likevel sende inn Kostra-skjema for desse ordningane og krysse av på skjema at dei ikkje har noko å rapportere. Dette for å unngå purring frå SSB.

Meir informasjon om rapporteringa finn de i brev frå SSB frå 1. november 2018, som er sendt til kommunar og fylkeskommunar, og innrapportering for IKS frå same dato.

I menyen til høgre finn de nødvendige lenker til brev og informasjon frå SSB, og oversikt over skjema for 2018-rapporteringa.

Treng du assistanse i samband med rapporteringa har SSB si eiga brukarteneste. Spørsmål kan stillast til: kostra-support@ssb.no eller til telefon nr. 62 88 51 70.

Det kjem enkelte endringar i funksjonskontoplanen for 2019 bl.a. på borgerlige vigsler, frivillegsentralar og rekneskapsmessig meir-/mindreforbruk, og enkelte endringar i artskontoplanen. Sjå brev frå KMD til høgre i menyen.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.