Ikkje godkjent budsjett og økonomiplan i Bremanger

Bremanger kommunestyre sitt vedtak om budsjett 2019 og økonomiplan 2019-2022 er ikkje godkjent som følgje av manglande inndekning av akkumulert underskot og ufullstendig finansiering av investeringsbudsjettet. 

Bremanger kommune er registrert i Robek-registeret og Fylkesmannen skal føre kontroll og godkjenne budsjett og låneopptak.

Kommunen har no dekt inn dei store tapa på til saman 230 mill. kroner etter Terra-saka frå 2007 og 2008. Etter førebels rekneskap for 2018 har kommunen eit akkumulert underskot på 21,8 mill. kroner, som vedkjem eit underskot frå 2014 på 25 mill. kroner knytt til tap på derivatavtalar. Dette underskotet skal vere dekt innan 2021. Kommunestyret har vedteke ein plan der 12 mill. kroner av underskotet er dekt i økonomiplanen 2019-2022.

Til finansiering av investeringar har kommunen budsjettert med bruk av ubundne investeringsfond på 6,8 mill. kroner i 2019, og 9 mill. kroner i perioden 2020–2022. Etter større bruk av fond i 2018 enn opphavleg budsjettert, er det ikkje tilstrekkeleg med fondsmidlar til å dekkje vedteken finansiering.

Kommunestyret må difor innan 1. juli handsame og vedta budsjett- og økonomiplan for 2019–2022 på nytt, der akkumulert underskot blir dekt innan 2021 og der investeringsbudsjettet er fullstendig finansiert.

Godkjenning av låneopptak for 2019 vert handsama når budsjett og økonomiplan er godkjent.