Ekstra skjønnsmidlar til kommunane

Etter koronautbrotet er det vedteke å auke skjønnsramma til kommunane med 250 mill. kroner.
Fylkesmannen i Vestland har no fordelt 23,7 mill. kroner til kommunane.

 

Fylkesmannen forstår det slik at dei ekstra løyvde skjønnsmidlane gjeld kompensasjon av direkte meirutgifter knytt til den første akuttfasen i samband med koronautbrotet. Sjølv om kommunane er ulikt råka av utbrotet og derfor har hatt ulik ressursbruk og utgifter, føreligg det så langt ikkje noko godt oversyn over utgifter i kommunane. Dette er og drøfta med KS-Vestland. Fylkesmannen har difor valt å fordele midlane etter folketal med eit minimumsbeløp for kvar kommune på kr 200 000. Ved eit slikt minimumsbeløp, tek ein m.a. omsyn til mindre kommunar som har større utgifter i akuttfasen.

Fordeling til kommunane går fram av vedlagte brev til Kommunal- og moderniseringsdepartementet.