Opphevar formannskapsvalet i Gulen kommune

Det nyvalde formannskapet i Gulen oppfyller ikkje reglane om kjønnsrepresentasjon i kommunelova. Fylkesmannen har oppheva valet som ulovleg. Kommunen må halde nytt val.

Publisert 20.11.2019

Kommunestyret for Gulen kommune heldt val av nytt formannskap den 17. oktober, som del av konstitueringa for perioden 2019-2023. Valet vart halde som forholdsval etter reglane i kommunelova kapittel 7. Valet skjer då på bakgrunn av framsette listeframlegg frå dei ulike partia.

Fylkesmannen har teke valet opp til lovlegkontroll på eige initiativ. Kontrollen syner at to av listeframlegga ikkje hadde eit tilstrekkeleg tal kvinner. Kontrollen syner vidare at kommunen ikkje tok omsyn til særregelen i kommunelova § 7-6, som fastset at kandidatar frå det underrepresenterte kjønnet, skal rykke opp ved valoppgjeret.

I vedtaket 20. november 2019 har vi konkludert med at formannskapet i Gulen, som består av fem menn, er ulovleg valt. Fylkesmannen har oppheva valet, som må haldast på nytt.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.