Søknad om løyve - sikteverk ved Store Lungegårdsvann


Høringsfrist 05. april 2019 23:00

Bybanen Utbygging vil etablere eit sikteverk for sortering av massar på anleggsområdet ved Store Lungegårdsvann. Frist for uttale er 5. april 2019. 

Plassering av sikteverk

Plassering av sikteverk

Bybanen Utbygging vil etablera eit sikteverk for sikting av massar for gjenbruk i bybaneprosjektet. Sikteverket skal stå på dagens anleggsområde ved Store Lungegårdsvannet. Anslagsvis 17 000 m3 massar skal sorterast i fraksjonar over og under 50 mm. Fraksjonen < 50 mm skal leverast til godkjent mottak og fraksjonen > 50 mm kan gjenbrukast i prosjektet. Sikteverket antas å være i drift i to år (460 arbeidsdagar) med ein produksjon på 40 m3 /dag. Driftstid er kvardager mellom kl. 08:00 – 16:00. 

Plassering av sikteverket er godkjent av Bergen kommune etter plan- og bygningsloven i reguleringsplan Bybanen fra sentrum til Fyllingsdalen delstrekning 1, reguleringsbestemmelse 12.5.5.

Knuse- og sorteringsverk skal følgje miljøkrav gjeve i forureiningsforskrifta kapittel 30. Fylkesmannen tek inn forskriftas miljøkrav som vilkår i Bybanens løyve etter forureiningslova for utfylling i Store Lungegårdsvann, gjennom ein endring av løyvet.

Risiko for forureining frå sikteverk er knytt til støy, støv og utslepp til sjø. Sweco har risikovurdert forureinsningskjeldene og har beskreve avbøtande tiltak for å redusere fare for forureining og for å halde forskriftas miljøkrav.

  • Sweco har berekna støy og sammenligna med støygrenser for sikteverk og har dokumentert at med begrensa driftstid til 8 timer pr dag på kvardager så vil ikkje støygrensene verte overskriden.
  • Med dei avstandar som er til nærmeste bebyggelse så forventer ikkje Sweco overskridingar av støvgrensene for sikteverk. Det skal plasserast ut støvmålare ved nærmeste boligar for å måle støvnedfall.
  • For å redusere fare for forureining til Store Lungegårdsvann skal overvatn rensast i sedimentasjonsbasseng dimensjonert for også å kunne reinse olje ved uhell.

Offentleg ettersyn

Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida. Høyringsfrist er 5. april 2019.

Merknader til søknaden kan du leggje inn i skjemaet under, sende til fmvlpost@fylkesmannen.no, eller sende per post til Fylkesmannen i Vestland, Statens hus, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger. Merk saka med referansenummer 2018/812.

Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn. Useriøse uttaler vert ikkje vurdert.

 

Uttale

Kontaktpersoner