Søknad om utsleppsløyve for E39 Myrmel – Lunde i Sunnfjord

Høringsfrist:
21. desember 2020 23.59

Statens vegvesen Region vest søkjer om løyve til utslepp av anleggsvatn i samband med bygging av 3,7 km veg inkludert ein tunnel på om lag 1 km på E39 strekninga Myrmel - Lunde i Sunnfjord kommune.

Publisert 19.11.2020

 

imageclnd4.png

Prosjektet

Planlagt oppstart er 2. kvartal 2021 og prosjektet er planlagt sluttført sommaren 2023.

Utslepp frå anlegget vil i hovudsak vere frå tunneldriving, frå riggområdet og avrenning frå mellombels massedeponi og knuse- og siktverk. Utsleppet er mellombels, og vil bli reinsa før utslepp til Løyken som renn ut i Gaula. 

Det er òg søkt om utslepp av tunnelvaskevatn i driftsfasen.

Offentleg ettersyn

Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida

Høyringsfrist er 21. desember 2020

Merknader til søknaden kan du leggje inn i skjemaet under, sende til fmvlpost@fylkesmannen.no, eller til Fylkesmannen i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.

Merk saka med referansenummer 2020/16731. Frist for å gje fråsegn er 21. desember 2020.

Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under fullt namn. Fråsegn som ikkje er seriøse vert ikkje vurdert. 

Uttale

Høringsfrist:
21. desember 2020 23.59