Høyring av frivillig skogvern av Berdalen i Lærdal kommune

Høringsfrist:
4. juli 2020 23.59

Som ein del av arbeidet med frivillig skogvern sender vi ut forslag om vern av Berdalen i Lærdal på høyring. Området har gamal barskog og er vurdert som svært verneverdig. Frist for uttale er 4. juli.

Publisert 05.05.2020


(klikk på kartet for større versjon)

Verneverdiar i Berdalen

Tilbodet frå skogeigar i Lærdal gjeld eit skogområde som vart kartlagt i samband med utkast til verneplan for Barskog i Vest-Norge (DN-rapport 1992-9). Berdalen kom ikkje med som ein del av verneplanen på 1990-talet, men grunneigar har no tilbydt området til freding etter ordninga med frivillig skogvern. Området i og rundt Berdalen er skildra i Naturbase, og området er vurdert som svært verneverdig grunna den gamle barskogen. Området er rikt på særprega furuskog og mykje vilt har tilhold i området. Det er ikkje inngrep i området frå før, og Fylkesmannen vurderer området som verdig for vern.

Kva betyr det at eit område vert verna?

For å ta vare på store og sårbare naturkvalitetar i eit område er det nødvendig med ei verneform som sikrar mot inngrep. Det er difor ønskjeleg å verne om områda som naturreservat. Ei slik verneform vil i utgangspunktet forby aktivitetar og nye anlegg som kan skade verneverdiane i naturreservatet. Grunneigarane vil framleis ha rett til å jakte og ålmenta vil framleis kunne utøve friluftsliv og plukke sopp og bær. Turstiar som er i området skal òg kunne haldast ved like. Vernet vil føre til visse restriksjonar på bruk av området, både når det gjeld hogst, oppsetting av bygningar og andre inngrep.

Fakta om frivillig skogvern i Berdalen:

  • Total areal tilbudt til vern: 2784 dekar
  • Skogareal: 2572 dekar
  • Produktiv skogareal: 2472 dekar

Innspel til oppstartsmeldinga

Vi meldte offisiell start av vernearbeid den 5. november 2019 og fekk 6 relevante innspel innan fristen den 6. desember same år. Ingen av innspela er kritiske til oppretting av Berdalen som naturreservat.

Innspel og vidare framdrift

Det er ønskjeleg med innspel på det frivillige skogvernet slik at prosessen og tema kan verta så opplyst som mogleg. Etter at innspel på denne høyringa føreligg, vil Fylkesmannen vurdere innspela og ta endeleg stilling til tilråding av vern før oversending til Miljødirektoratet. Ta med saksnummeret 2019/19151 når du sender inn innspel. 

Du kan sende innspel med brev til Fylkesmannen ved miljøavdelinga, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger, eller per e-post til fmvlpost@fylkesmannen.no 

Frist for å kome med innspel er 4. juli 2020

I adresselista har vi forsøkt å få med alle dei aktuelle høyringspartane vi veit om. Dersom de finn feil eller veit om fleire partar som de meiner burde ha fått brevet ber vi om tilbakemelding om dette.

Uttale

Høringsfrist:
4. juli 2020 23.59