Søknad om løyve til avfallsanlegg på Sunde industriområde


Høringsfrist 15. mai 2020 23:59

Byggservice AS søkjer om løyve til å motta, mellomlagre, knuse og gjenbruke asfalt og betong i Kvinnherad. Frist for uttale er 15. mai 2020. 

Om søknaden

Byggservice AS søkjer om løyve etter forureiningslova til å ta imot, knuse og gjenbruke brukt asfalt og betong. Avfallsanlegget vil ligge i eit etablert industriområde i Kvinnherad kommune. 

Offentleg ettersyn

Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida. Høyringsfristen er 15. mai 2020.

Merknader til søknaden kan du leggje inn i skjemaet under, sende til fmvlpost@fylkesmannen.no, Fylkesmannen i Vestland, Statens Hus, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.

Merk saka med referansenummer 2020/3478. Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn.

Uttale