Oppstart av skogvern av Ulvenfjellet i Bjørnafjorden kommune

Høringsfrist:
20. februar 2020 23.00

Etter dialog med Statskog og forsvaret melder vi formell oppstart med skogvernarbeid av areal på Ulvenfjellet. Frist for uttale er 20. februar 2020.

Publisert 21.01.2020

Eldre barskog ved Mikkelsvatnet på Ulvenfjellet. Foto: Magnus Johan Steinsvåg

 

Arealet er lokalisert på gnr. 53 bnr. 1 og er eigd av Statsskog SF. Store delar av området ligg innafor forsvaret sitt areal ved Ulven leir og er på om lag 1400 dekar.

Verneverdiar

Verneforslaget gjeld eit skogområde som vart kartlagt av Rådgivende Biologer AS og inneheld eldre furuskog, rik edellauvskog i form av rike hasselkratt og brannfelt. At området ligg i boreonemoral sone, er lokalisert i lågland og har ein del areal på høgare bonitetar gjer i tillegg området relevant i vernesamanheng.

Kvifor vern av skog?

Artsdatabanken, den nasjonale kunnskapsinstitusjonen for naturmangfald, reknar med at om lag 60 prosent av alle artane på fastlandet i Noreg har skog som levestad. Totalt 90 prosent av dei truga raudlisteartane vert negativt påverka av menneskelege arealendringar. Inngrep som følgje av utbygging og skogbruk er blant dei viktigaste faktorane. Å ta vare på mest mogleg intakte økosystem i skog er blant dei viktigaste tiltaka vi kan gjere for å ta vare på vestlandsnaturen for framtida.

Berre 2,9 prosent av skogen verna

Det er ei nasjonal målsetjing om redusere tap av naturmangfald. Som eit leidd i dette har regjeringa ei langsiktig målsetjing om at om lag 10 prosent av skogen i Norge skal bli verna. Til no er om lag 5 prosent av skogen verna på landsbasis. Med berre 2,9 prosent av skogen verna i Vestland, er vi enno langt unna målet på 10 prosent.

Kva betyr det at eit område vert verna?

For å ta vare på store og sårbare naturkvalitetar i eit område er det nødvendig med ei verneform som sikrar mot inngrep. Det er difor ønskjeleg å verne om området på Ulvenfjellet som naturreservat. Ei slik verneform vil i utgangspunktet forby aktivitetar og nye anlegg som kan skade verneverdiane i naturreservatet. Vernet vil òg føre til visse restriksjonar på bruk av området, både når det gjeld hogst og andre inngrep.

Grunneigar vil framleis ha rett til jakt, fiske m.v. og ålmenta vil framleis kunne plukke sopp og bær. Turstiar som er i området skal òg kunne haldast ved like, og Fylkesmannen er i dialog med Bjørnafjorden kommune om slik tilrettelegging i området. Forsvaret vil kunne nytta området som tidlegare og det er tatt omsyn til deira behov i forslag til verneforskrift.

Innspel og vidare framdrift

Det er ønskjeleg med innspel på verneforslaget slik at prosessen og tema kan verta så opplyst som mogleg. Når innspel til denne oppstartsmeldinga er vurdert, vil Fylkesmannen sende eit meir detaljert forslag til vern på høyring. 

Du kan sende innspel med brev til Fylkesmannen ved miljøavdelinga, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger, eller per e-post til fmvlpost@fylkesmannen.no

Frist for å kome med innspel er 20. februar 2020

I adresselista har vi forsøkt å få med alle dei aktuelle høyringspartane vi veit om. Dersom de finn feil eller veit om fleire partar som de meiner burde ha fått brevet ber vi om tilbakemelding om dette.