Søknad om endra løyve i Simonsviken næringspark


Høringsfrist 18. oktober 2019 23:59

Envir Jord AS søkjer om endra løyve etter forureiningslova for behandling og mellomlagring av forureina massar og uorganisk materiale på Laksevåg i Bergen kommune. Frist for uttale er 18. oktober 2019.

Kart over lokaliteten for Simonsviken næringspark, Sjøkrigsskolen 15

Sjøkrigsskolen 15 er adressa for Simonviken næringspark der Envir Jord AS søkjer om endra løyve

Om søknaden

Envir Jord AS søkjer om endra løyve for mottak, behandling og lagring av forureina massar på sitt avfallsanlegg i Simonsviken Næringspark.

Det er søkt om følgjande endringar:

  • auke mottak av maksimal mengde forureina massar frå 50 000 til 150 000 tonn årleg
  • auke maksimal mengde avfall på lager frå 5 000 til 15 000 tonn
  • varmebehandling av forureina massar med innhald av framande artar
  • knusing av betong innandørs

Det står opplyst i søknaden at det skal gjennomførast fleire støyreduserande tiltak som til dømes å byggje ny hall på kaiområdet. Dette vil halvere køyrelengda for bilar inne på området. Lasting på båt ved bruk av elektrisk transportband direkte om bord i båt vil også være eit støyreduserande tiltak. Verksemda opplyser at tiltaka vil redusere støy til trass for auka mottaksmengde.

Sjå søknad med vedlegg til høgre på sida.

Verksemda har i dag løyve til drift av anlegg for mottak, behandling og lagring av forureina massar gitt i 2017, sjå www.norskeutslipp.no.

Offentleg ettersyn

Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida. Høyringsfristen er 18. oktober 2019.

Merknader til søknaden kan du leggje inn i skjemaet under, sende til fmvlpost@fylkesmannen.no, Fylkesmannen i Vestland, Statens Hus, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.

Merk saka med referansenummer 2018/1994. Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn.

Uttale