Søknad om løyve til utslepp av prosessavløpsvatn frå produksjon av sløgd laks


Høringsfrist 24. september 2019 23:59

Hardanger Fiskeforedling AS søkjer om løyve til utslepp av prosessavløpsvatn ved produksjon av fersk sløgd laks på Båtavika 30 i Kvam kommune. Frist for uttale er 24. september 2019.

Oversiktskart over eigedomen der verksemda held til

Oversiktskart over eigedomen der verksemda held til

Om søknaden

Hardanger Fiskeforedling AS søkjer om løyve til utslepp av prosessavløpsvatn ved produksjon av fersk sløgd laks. Det vert utslepp direkte til sjø i Hissfjorden, Hardangerfjorden. Utsleppet skal reinsast med filter før utslepp. 

Sjå søknad med vedlegg til høgre på sida. 

Offentleg ettersyn

Saksdokumenta finn du til høgre på denne sida. Høyringsfristen er 24. september 2019. 

Merknadar til søknaden kan du leggje inn i skjemaet under, sende til fmvlpost@fylkesmannen.no, eller Fylkesmannen i Vestland, Statens Hus, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.

Merk saka med referansenummer 2019/7975. Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn.

Uttale