Søknad om undervassprenging Bulandet i Askvoll


Høringsfrist 30. august 2019 23:00

Kystverket søkjer om løyve etter forureiningslova til undervassprenging av 29 000 m3 massar i innseglinga til Bulandet i Askvoll kommune. Frist for uttale er 30. august 2019. 

Kystverket søkjer Fylkesmannen om løyve til utdjuping/sprenging i sjø av sju grunner i Hovdesundet og Nikøysundet for å auke seglingsdjupne. Innseglinga er definert i farleiforskifta som bilei og farleistiltaket er nødvendig for å gje brukarane ei sikker og effektiv innsegling til Bulandet.

Det er berekna behov for å fjerna ca. 29 000 m3 / 52 000 tonn massar over eit sjøbotnareal på ca. 11 000 m2 i Hovdesundet.  

Multiconsult har undersøkt sjøbotn og finn ikkje teikn på forureining, samt at det er i hovudsak bart fjell slik at mudring av lausmassar ikkje er nødvendig. Uni Research har gjennomgått videotransekt av grunnene og finn ikkje marine artar eller habitat som kan definerast som særleg verdifulle eller sårbare

Avbøtande tiltak er:

  • Arbeidet skal ikkje utførast i tidsrommet 1.februar – 1.juni av omsyn til gytefelt for torsk og hekketid for fuglar.
  • Opplasting av stein skal skje skånsamt for å redusere partikkelspreiing. Skyteleidningar, plastavfall skal samlast opp etter kvar avfyrt salve.Det skal nyttast sprengingsmetodar som reduserer trykkbølgjer ved sprenging og nyttast teknikkar for å få fisk til å flytte seg frå sprengingsområda.
  • Den utsprengde steinen skal nyttast til utfylling i sjø for å utvide eksisterande næringsområde på Nikøy i regi av Askvoll kommune. Fylkesmannen gav løyve til utfyllinga i vedtak 28. juni 2019.

Offentleg ettersyn

Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida. Høyringsfristen er 30. august 2019.

Merknader til søknaden kan du leggje inn i skjemaet under, sende til fmvlpost@fylkesmannen.no, Fylkesmannen i Vestland, Statens Hus, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.

Merk saka med referansenummer 2019/14 612. Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn.

Uttale