Fjord Base AS i Florø søkjer om løyve til utfylling i sjø


Høringsfrist 17. juni 2019 23:00

Kart over utfylling
Kart over utfylling

Fjord Base AS søkjer om løyve etter forureiningslova til utfylling av omlag 1 million m3 sprengstein i sjø ved Naustholmen, Gaddholmen og Persholmen i Flora kommune. Frist for uttale er 17. juni 2019. 

Massane som skal nyttast til utfylling kjem frå planering/sprenging av Naustholmen. Utfylling skal utførast med lekter, og frå land. Sjøbotn der det skal fyllast ut er undersøkt og er ikkje forureina av miljøgifter (Risikovurdering av sediment. Rådgivende Biologer AS 1. september 2017). Formålet med utfyllinga er utviding av Fjord Base ved å vinna nytt land.

Utfyllinga er i følgje søkar i samsvar med detaljreguleringsplan Naustholmen (Planid 20160103, vedteken 26. oktober 2018) og områdereguleringsplan Florelandet Nord (Planid 20110106, vedteken 17. februar 2014). Kommunen har i reguleringsføresegn i detaljreguleringsplan Naustholmen kravd at utfylling ikkje skal utførast i tidsrommet februar – april av omsyn til gytefelt for torsk.

Offentleg ettersyn

Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida. Høyringsfristen er 17. juni 2019.

Merknader til søknaden kan du leggje inn i skjemaet under, sende til fmvlpost@fylkesmannen.no, Fylkesmannen i Vestland, Statens Hus, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.

Merk saka med referansenummer 2019/10528. Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn.

Send inn uttale til Fjord Base AS i Florø sin søknad om utfylling