Søknad om endra løyve for avfallsanlegg i Etne


Høringsfrist 05. juni 2019 23:00

Etne Containerservice AS søkjer om endring av løyve etter forureiningslova for avfallsanlegget i Steinshagen i Etne kommune. Frist for uttale er 5. juni 2019.

Kart over området

Kart over området

Endringa det vert søkt om

Løyvet som gjeld idag omfattar mottak av 10 000 tonn næringsavfall, 200 tonn EE-avfall og 120 tonn farleg avfall per år og lagring av maksimalt 300 tonn avfall. Verksemda søkjer mellom anna om følgjande endringar:

  • auke maksimal lagringsmengde til 1255 tonn
  • endre maksimal lagringstid
  • slutte med mottak av farleg avfall
  • ta imot hushaldsavfall for sortering, kverning, omlasting, balling, lagring
  • løyve til å lagra nokre avfallsfraksjonar ute på fast dekke

For meir informasjon sjå søknad med vedlegg til høgre på sida.

Offentleg ettersyn

Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida. Høyringsfristen er 5. juni 2019.

Merknader til søknaden kan du leggje inn i skjemaet under, sende til fmvlpost@fylkesmannen.no, Fylkesmannen i Vestland, Statens Hus, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.

Merk saka med referansenummer 2018/1076. Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn.

Uttale til søknad om endra løyve for Etne Containerservice AS