Søknad om utsleppsløyve ved etablering av biogassanlegg på Eldøyane

Høringsfrist:
15. mai 2019 23.59

Sunnhordland Naturgass AS (SNG) søkjer om løyve etter forureiningslova for biogassanlegg på Eldøyane i Stord kommune. Frist for å gje uttale er 15. mai 2019.

Publisert 29.03.2019

Plassering av anlegget på Eldøyane.

SNG vil etablere biogassanlegg

SNG vil etablere eit biogassanlegg for produksjon av metan på Eldøyane, gnr. 44 og bnr. 240. I første byggetrinn skal det etablerast fem reaktorar, men anlegget skal i byggjetrinn 2 stå ferdig med ti reaktorarar.

Anlegget skal, i første byggjetrinn, ta imot og behandle organisk avfall som fiskeavfall og husdyrgjødsel. Totalt 22 000 tonn per år.

Planlagt biofilter for reinsing av lukt

Anlegget er ein lukka prosess, berre med lufting av blandetanken for trykkutjamning ved påfylling og uttapping. Reaktorane gir ein anaerob lukka prosess.

Det er planlagt å byggje eit biofilter for reinsing av lukt.

Anlegget skal ikkje ha utslepp av prosessvatn

Anlegget skal ikkje ha utslepp av prosessvatn, med unntak av kondensert vatn frå luft eller biofilter. Rejektvatn etter avvatning (flytande biogjødsel) skal samlast opp i ein tank for å bli henta med tankbil som våt gjøsdel. Kondensert vatn, saman med sanitært avløpsvatn og vaskevatn frå prosessen vil gå til eksisterande reinseanlegg på inudstriområdet. Resipienten vil vere Klosterfjorden.

Vedlagt søknaden følger ei ROS-analyse for luktrisikovurdering og utslepp til ytre miljø, knytt til anlegget.

Område der anlegget er tenkt plassert er regulert til kontor/industriføremål. Stord kommune har i medhald av plan- og bygningslova gitt rammeløyve til biogassanlegget med tilhøyrande tekniske installasjonar, jf. brev av 29. januar 2019.

Offentleg ettersyn

Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida. Høyringsfrist er 15. mai 2019.

Merknader til søknaden kan du leggje inn i skjemaet under, i brev til Fylkesmannen i Vestland, Statens Hus, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger, eller som e-post til fmvlpost@fylkesmannen.no innan 15. mai 2019.

Merk saka med referansenr. 2019/5755.

Alle fråsegner vert registerte i vår postjournal. alle må difor skrive under med fullt namn. Useriøse uttaler vert ikkje vurdert.

Høringsfrist:
15. mai 2019 23.59

Kontaktpersoner

Dokumenter