Endringar i smittevernlova har tredd i kraft

I den reviderte smittevernlova er det mellom anna nye krav som skal vurderast ved smitteverntiltak, ei presisering av plikta til å gi og ta i mot personleg smittevernrettleiing, og endringar i reglane om tvangsbruk.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 04.07.2019

Smittevernlova er den viktigaste lova som regulerer smittevernet i Noreg. Formålet med lova er mellom anna å verne befolkninga mot smittsame sjukdomar ved å førebyggje dei og motverke at dei vert overført i befolkninga, og i tillegg motverke at slike sjukdomar blir ført inn i eller ut av Noreg.

Smittevernrettleiing

I 2019 er det gjort ei omfattande revisjon av smittevernlova, som tredde i kraft 1. juli. Nokre relevante endringar er som følgjande:

  • Kommunelegen skal varslast dersom ein smitta person ikkje ønskjer personleg smittevernrettleiing, og det er grunn til å tru at vedkommande heller ikkje rettar seg etter den. Kommunelegen skal då ta over den vidare smittevernrettleiinga av personen.
  • Ein smitta person med allmennfarleg smittsam sjukdom har no plikt til å følgje den personlege smittevernrettleiinga gitt av diagnostiserande lege, ikkje berre ta i mot den.

Varslingsplikt for tannlegar og endringar i tvangstiltak

I den reviderte lova finn ein no at varslingsplikta også gjeld for tannlegar. I tillegg er det også fleire endringar i reglane om tvangsbruk.

  • Varslande legar eller liknande skal gje informasjon til den opplysningane vedkjem, om kven som er mottakar og kva opplysningane skal brukast til. Før har det same berre gjeldt ved meldingsplikt.
  • Kommunelegen og vakthavande infeksjonsmedisinske overlege ved sjukehus i helseregionen kan no treffe hastevedtak. Dette gjeld ikkje berre ved tvungen legeundersøking og innlegging til undersøking og kortvarig isolering (paragraf 5.2) som før, men òg ved tvungen isolering eventuelt behandling i sjukehus (paragraf 5.3). Smittevernnemnda har no berre sju dagar på seg for å drøfte og fatte vedtak ved tvangstiltak. Endringane løyser problema med smitteførande tuberkulosepasientar, der det har vore eit hol i lovverket tidlegare.

Førehandsundersøking av arbeids- og utdanningssøkarar

Med den reviderte lova har Helse- og omsorgsdepartementet fått utvida løyve til å gje forskrift om førehandsundersøking av arbeids- og utdanningssøkarar. Dette gjeld no òg arbeidstakarar, innleigde arbeidstakarar, skuleelevar eller studentar, og personar som skal opphalde seg i Noreg som ledd i kulturutveksling, frivillig arbeid eller liknande.

Fylkesmannen skal ha særleg merksemd mot smittevernet i fylket, ha oversikt over og kunnskap om lokale planar om smittevern og gje bistand ved behov.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.