Undersøker om smittevernet for pasientane blir teke hand om

Etter fleire dødsfall som følgje av påvist covid-19 ved Metodisthjemmet i Bergen opna Fylkesmannen i Vestland tilsyn.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 24.04.2020

Vi undersøker om pasientane blir teke vare på med tanke på smittevern i den alvorlege situasjonen sjukeheimen er komen i.  

I tilsynet undersøker vi mellom anna korleis smitteutbrotet vart oppdaga, hendingsforløpet, kva smitteverntiltak institusjonen har overfor smitta og ikkje smitta pasientar, behandling og pleie av pasientane og bemanningssituasjon.

Hovudmålet med alle tilsyn er at det skal føre til endring og betring. Dette vil vi leggje enno større vekt på i den situasjonen vi er i no. Vi undersøker derfor om sjukeheimen har forbetringspunkt i samband med hendingane. Eit anna mål er også å lære av det som har skjedd med tanke på handtering av framtidige utbrot på andre sjukeheimar.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.