Koronavirus

Det nye koronaviruset SARS-CoV-2, som kan gi luftvegsinfeksjonen covid-19, vart først oppdaga i Noreg i februar 2020. Dei fleste som blir smitta får berre lette plager, medan dei som er eldre eller sjuke frå før kan få meir alvorleg sjukdom.

Mange kan òg vere smitta utan å ha symptom (asymptomatiske) og difor er det viktig å halde 1 meter avstand til dei du ikkje bur saman med, og ha god hoste- og handhygiene. I dei tilfella du ikkje klarer å halde 1 meter avstand til andre, er det tilrådd med munnbind. Hald deg heime viss du føler deg sjuk og undersøk i din kommune korleis du kan teste deg. Kommunane kan òg ha strengare reglar lokalt enn dei nasjonale. Hald deg oppdatert der du er!

TISK-strategien

Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet (FHI) lagar anbefalingar og rettleiingar til andre offentlege mynde og til befolkninga. I Noreg nyttar vi TISK-strategien (Testing, Isolasjon, Smittesporing, Karantene) for å avgrense og slå ned smitte. Det er kommunane som er lokal smittevernmynde og som har ansvar for TISK-strategien i sin kommune. Tid er smitte, og difor er det svært viktig at kommunen kjem i kontakt med dei innbyggarane dei treng, for at smitten skal haldast på eit lågt nivå. Vi oppmodar difor alle til å svare når kommunen tek kontakt.

Smitte

Covid-19 smittar som ved forkjøling og influensa, ved at viruspartiklar i form av dråper blir overført frå luftvegane hos ein sjuk person. Hovudsakleg skjer dette ved nær kontakt (under 1 meter), og studiar tyder på at smitterisikoen fell med 80 prosent ved 1 meter avstand. Tida frå smitte til symptom er vanlegvis fem-seks dagar, og du er mest smittsam rett før symptom og dei første dagane med symptom.

Vaksine

I jula 2020 fekk Noreg dei første dosane med koronavaksine, og alle kommunar er no i gang med vaksineringa. Den tar utgangspunkt i ei prioritert rekkefølgje av ulike grupper i befolkninga. Det overordna målet er å redusere alvorleg sjukdom og død i størst mogleg grad. Det er utvikla fleire ulike vaksinar med ulike verkemåtar. I medio januar 2021 er to av desse godkjende for bruk i EU og dermed i Noreg. Dette er vaksinane frå Pfizer/BioNTech og Moderna. Det er venta at fleire vaksinar vil bli godkjende etter kvart. FHI har ansvaret for det norske vaksinasjonsprogrammet.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Publisert 24.09.2021

Slik skal dei som slit med seinskadar etter korona få hjelp

Nasjonal plan for rehabilitering skal hjelpe dei som strevar med seinverknader etter korona å komme tilbake til kvardagen igjen.


Publisert 06.09.2021

Koronasmitte blant barn og unge

Folkehelseinstituttet (FHI) har oppsummert kunnskapen dei har om aukande smitte og konsekvensar for barn.


Publisert 04.08.2021

Viktige læringspunkt frå halvtanna år med koronapandemi

På oppdrag frå Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) har vi gjennomført andre trinn av undervegsevalueringa av handteringa av pandemien. Vi meiner at vi i Vestland har klart å handtere pandemien på ein god måte.


Publisert 26.07.2021

Samfunnsmedisinsk beredskap i kommunane

Ei viktig erfaring frå pandemien er at det trengs god samfunnsmedisinsk beredskap og kompetanse i kommunane, og at dette tek tid å bygge opp. Dei fleste kommunane i Vestland hadde ikkje tilstrekkeleg kommuneoverlegekapasitet det første halve året av pandemien.


Publisert 28.06.2021

Tilgang til koronasertifikat for personar som ikkje har eigen bank-ID

Koronasertifikat er tilgjengeleg ved å logge inn med bruk av bank-ID på Helse Norge. Bank-ID er personleg, og kan ikkje brukast av andre. For personar som ikkje har eigen bank-ID, kan ei løysing vere å gje fullmakt til representasjon på Helse Norge.


Publisert 23.06.2021

Ny nasjonal plan for rehabilitering etter covid-19

Helsedirektoratet har presentert ein nasjonal plan som angir anbefalt retning for arbeidet med rehabilitering for personar med rehabiliteringsbehov etter covid-19-sjukdom.


Publisert 04.06.2021

Ikkje alle skal halde seg heime under pandemien

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet har omsett informasjonsfilmar om krisesenter til ei rekkje ulike språk. 


Publisert 27.05.2021

Vil førebyggje at barn og unge blir utsett for negativ sosial kontroll i sommarferien

Tenestene i kommunar og fylkeskommunar har ei viktig rolle i det førebyggjande arbeidet, og plikter å hjelpe barn og unge som er utsett for negativ sosial kontroll, æresrelatert vald, tvangsekteskap og kjønnslemlesting.


Publisert 18.05.2021

Dokumentasjonskrav ved fråvær på eksamen som følgje av Covid-19

Ingen med symptom på covid-19, eller som er i karantene, skal møte til eksamen.


Publisert 30.04.2021

Kor mange helsepersonell har fått AstraZeneca-vaksine i din kommune?

Vi treng raskt å få oversikt over kor mange helsepersonell i kvar kommune i Vestland som har fått første dose av AstraZeneca-vaksinen.