Oppsøkande team er eit godt tilbod til personar med psykiske lidingar

Evalueringa av dei sju første FACT-teama viser ei nær halvering av tvangsbruk, og betre livskvalitet for personane i målgruppa.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 04.06.2020

Evalueringa viser også betre kontinuitet i behandling og oppfølging, og betre samhandling mellom pasientar, pårørande, spesialisthelseteneste og kommunane.

På Vestlandet har dei to FACT-teama ved Kronstad DPS, i tillegg til FACT Folgefonn delteke i evalueringa.

Det er ti FACT-team i Vestland, og to team til har fått tilskot til forprosjekt i år. Oppretting av ACT- og FACT-team er eit satsingsområde. Tilskot til team er førsteprioritet i tilskotsordninga Tilbud til voksne med langvarige og sammensatte tjenestebehov som Fylkesmannen i Vestland forvaltar.

Oppsøkande hjelp

FACT (Flexible Assertive Community Treatment) er ein samhandlingsmodell som gir fleksibel og oppsøkande hjelp til personar med alvorlege psykiske lidingar og omfattande problem. Teama har tilsette frå både kommunale tenester og spesialisthelsetenesta.

Nasjonal kompetansetjeneste ROP har på oppdrag frå Helsedirektoratet gjennomført ei forskingsbasert evaluering av dei sju første FACT-teama i Noreg.

Nokre av funna frå rapporten viser at

  • Det var like mange innleggingar i psykisk helsevern etter inntak i FACT, men innlegging og opphaldsdøgn på tvang er neste halvert samanlikna med to år før inntak. Talet opphaldsdøgn totalt var redusert med 33 prosent etter inntak i FACT.
  • Brukarar har oppnådd betring på ulike område i livet, som livskvalitet, bustad, meiningsfylt aktivitet, funksjon og symptombelastning.
  • Brukarane synest FACT-teamet er betre enn tidlegare tenester dei har fått. Fleksibilitet og langvarige relasjonar til dei teamtilsette er viktige grunnar til dette.
  • Pårørande er fornøgde med denne måten å organisere hjelpa på. Dei opplever at teamet bidreg til betre tilgjengelegheit og betre kontinuitet, men etterlyser meir opplæring og støtte i pårøranderolla. Fleire etterlyser også utvida opningstider for teama.
  • Tilsette i teama meiner at brukarane får betre oppfølging gjennom FACT-modellen. Dei trekk særleg fram det tverrfaglege som bidreg til å styrke den faglege kvaliteten i tilbodet.
  • Kommunane opplever at FACT-teama gjer avstanden til spesialisthelsetenesta kortare, medan spesialisthelsetenesta opplever at teama bidreg til at pasientane i større grad blir følgt opp etter utskriving og får nødvendige tenester i kommunane.
  • FACT/ACT-team sikrar kontinuitet i behandling og oppfølging. Teama har like god effekt i rurale som i tettbygde strøk.
  • Det blir anbefalt nokre tilpassingar av modellen, mellom anna breiare målgruppe og betre samhandling og oppfølging i krisesituasjonar.

Her kan du lese heile rapporten.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.