Påminning om den obligatoriske øyeblikksundersøkinga i sjukeheimar

Øyeblikksundersøkingane (prevalensundersøkingane) skal gjennomførast ein dag i veke 45, mellom 4.-8. november, når sjukeheimslegen er til stades. 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 31.10.2019

Innleveringsfristen for prevalensundersøkingane er 4. desember og dataverktøyet PIAHnett skal nyttast.

Ifølgje NOIS-registerforskriften er det obligatorisk for sjukeheimane å delta i prevalensundersøkinga, både i registrering av helsetenesteassosierte infeksjonar og antibiotikabruk. 

Fylkesmannen i Vestland forventar difor at alle sjukeheimane i Sogn og Fjordane og Hordaland deltek. 

Ei fullstendig skildring av undersøkinga finn du på nettsida til Folkehelseinstituttet. 

I PIAHnett har du tilgang på resultat frå eigen sjukeheim, sjukeheimar i eigen kommune, eige fylke og heile landet. Helsedirektoratet publiserer kvalitetsindikatorar som viser delen sjukeheimar per kommune og fylke som deltek i undersøkinga av helsetenesteassosierte infeksjonar, og førekomsten av helsetenesteassosierte infeksjonar og antibiotikabruk på sine sider. 

På Helsedirektoratet kan du sjå førekomst av helsetenesteassosierte infeksjonar i norske sjukeheimar. 

For meir informasjon, sjå informasjonsbrev frå Folkehelseinstituttet, som du finn under «Dokument».

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.