Helsepersonell med pasientkontakt skal ha tilbod om gratis vaksine

Illustrasjonsbilde, vaksinasjon. Foto: Pixabay
Illustrasjonsbilde, vaksinasjon. Foto: Pixabay

I Norge døyr rundt 900 menneske som følgje av influensa kvart år. Ein del av desse er smitta av helsepersonell.

Landets kommunar og helseføretak må sørge for at alt helsepersonell med pasientkontakt får informasjon om influensa og tilbod om gratis vaksine. Det oppmodar Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet om.

Har mål om at 75 prosent er vaksinert

Målet er at minst 75 prosent av dei som har kontakt med pasientar er vaksinert mot influensa. I fjor var det 34 prosent som jobbar med pasientar, som vaksinerte seg, mot 28 prosent året før, ifølgje Helsedirektoratet.

Kvifor bør helsepersonell få vaksine?

Helsepersonell har større sannsyn for å få influensa enn dei som ikkje arbeider i helsetenesta. Sannsynet for å bli sjuk vert betydeleg mindre om du er vaksinert.  Du kan vere smitta av influensa sjølv om du har milde eller ingen symptom. Helsepersonell som ikkje veit at dei har influensa, vil derfor kunne gå på jobb og risikere å smitte pasientane sine. Dette kan føre til at pasientar blir alvorleg sjuke eller døyr. Vaksinering av helsepersonell førebygg sjukdomar, reddar liv, gir betre beredskap i helsetenesta, reduserer bruk av antibiotika og kan spare samfunnet store utgifter.

Her finn du informasjonsmateriell om influensavaksine. 

Risikogrupper

Nær 1,6 millionar personar i Norge høyrer til gruppa med auka risiko for komplikasjonar av influensa, ifølgje Folkehelseinstituttet. Personar i risikogrupper har auka risiko for å bli alvorleg sjuke eller døy av sesonginfluensa.

Dette utgjer risikogruppene: Gravide etter 12. veke, alle over 65 år, bebuarar i sjukeheimar, personar med kroniske sjukdommar (lunge- og hjarte-kar-sjukdom, nyre- og leversvikt, diabetes, kronisk nevrologisk sjukdom eller skade, nedsett immunforsvar, svært alvorleg fedme, annan kronisk sjukdom som kan bli forverra dersom ein får influensa). I tillegg til helsepersonell med pasientkontakt, blir det også anbefalt at husstandskontaktar til immunsupprimerte pasientar, og svinerøktarar og andre som har regelmessig kontakt med levande grisar, tek influensavaksine.