Skuleelevar kan ha rett på sosialstønad

Korleis skal Nav-kontor vurdere økonomisk sosialhjelp til elevar over 18 år som bur heime saman med foreldra sine?

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 18.12.2019

Vi får fleire spørsmål frå Nav-kontor om denne problemstillinga. Med dette nettoppslaget ønskjer vi å gi ei oppsummering av sentrale tema knytt til denne søkjargruppa.

Foreldre har plikt til å forsørgje barn

Foreldre har plikt til å forsørgje barn etter økonomisk evne, når barnet sjølv ikkje har pengar til å forsørgje seg, ifølgje barnelova § 66. Forsørgingsplikta gjeld uavhengig av om foreldra bur saman med barnet eller ikkje. Forsørgingsplikta gjeld også etter at barnet er fylt 18 år, dersom barnet er i vanleg skulegang, ifølgje barnelova § 68. Dette betyr at forsørgingsplikta gjeld så lenge eleven har ungdomsrett, altså rett til vidaregåande opplæring. Ungdomsretten gjeld til og med utgangen av det året eleven fyller 24 år, ifølgje opplæringslova § 3-1.

Det er den statlege delen av Nav, og ikkje sosialtenesta i Nav, som avgjer om foreldra skal påleggjast å betale bidrag til barn som har fylt 18 år.

Retten til å bli vurdert sjølvstendig

Personar over 18 år har rett til å bli vurdert sjølvstendig når det gjeld stønad etter sosialtenestelova. Dette har Arbeids- og velferdsdirektoratet slått fast i rundskriv 35 til sosialtenestelova. Det følgjer av dette at dei har sjølvstendig rett til sosialstønad, dersom dei fyller kriteria for slik hjelp.

Sosialstønad er ei subsidiær yting, og det medfører at ein skal utnytte alle rimelege inntektskjelder før ein har krav på sosialstønad. Dersom foreldra faktisk forsørgjer ein 18-åring som går på vanleg skule, så er barnet forsørgd og treng ikkje sosialstønad. Dersom det ikkje er dokumentert at foreldra forsørgjer barnet, må Nav leggje det til grunn når dei behandlar søknader om sosialstønad.

Teieplikt

Nav kan ikkje utan vidare ta kontakt med foreldra og be dei forsørgje barn over 18 år når barnet søkjer om sosialstønad. På grunn av teieplikta må Nav ha løyve frå skuleeleven for å kunne ta kontakt med foreldra.

Vilkår

Ein skal utnytte alle rimelege inntektskjelder før ein har krav på sosialstønad. Det inneber at Nav-kontoret kan be 18-åringen avtale bidrag med foreldra. Då kan den kommunale delen av Nav-kontoret, som behandlar sosialhjelpssøknader, setje vilkår om at 18-åringen ber den statlege delen av Nav-kontoret om å fastsetje bidrag frå foreldra. Slik unngår ein brot på teieplikta.

Den statlege delen av Nav kan pålegge foreldre som har økonomi til det, å forsørgje barn over 18 år som følgjer vanleg skulegang etter reglane i barnelova. Arbeids- og velferdsdirektoratet presiserer i sitt rundskriv 35 at slike vilkår som regel ikkje er aktuelt i familiar der foreldra sjølv får økonomisk stønad.

Konsekvens av vilkårsbrot

I rundskriv 35 skriv Arbeids- og velferdsdirektoratet om konsekvensar av vilkårsbrot: Den mest alvorlege konsekvensen er at utbetaling av stønad vert redusert. Denne konsekvensen kan vere aktuell dersom brukaren ikkje utnyttar alle reelle moglegheiter til å forsørgja seg sjølv, for eksempel ved brot på vilkår om å søkja om underhaldsbidrag.

Studentar

Regelen om sosialstønad til skuleelevar over 18 år gjeld berre for elevar i vanleg vidaregåande utdanning. Studentar i høgskule- eller universitetsutdanning har i utgangspunktet ikkje rett på sosialstønad. Sosialstønad skal ikkje bidra til å finansiere høgare utdanning, men studentar skal sikrast økonomisk gjennom lån og stipend frå Statens lånekasse for utdanning. Dette medfører at studentar som ikkje har rettar i Statens lånekasse, kan måtte avslutte studia slik at vedkomande kan forsørgja seg sjølv gjennom arbeid eller på annan måte.

 

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.