Refusjon i etterbetalte trygde- og pensjonsytingar

Arbeids- og velferdsdirektoratet har no presisert kva reglar kommunane må følgje dersom dei vil krevje refusjon i trygde- og pensjonsytingar for sosialstønad som kommunen har utbetalt.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 16.10.2020

Kommunen har rett til å krevje refusjon

Om ein som har fått sosialstønad får innvilga folketrygdyting eller krigspensjon, med tilbakeverkande kraft, kan kommunen krevje heil eller delvis refusjon i det beløpet som skal etterbetalast. For å kunne krevje refusjon må sosialstønaden vere gitt som bidrag for same tidsrom og til same føremål som etterbetalinga. Er stønadsmottakaren gift, kan kommunen krevje refusjon også hos ektefellen, so framt sosialstønaden er kome ektefellen til gode. Retten til refusjon er grunngitt med at det ikkje er rimeleg at ein stønadsmottakar får dobbel offentleg yting for same tidsrom og til same føremål.

Sosialhjelp i ein nødssituasjonar

Arbeids- og velferdsdirektoratet har i oppgåve å tolke sosialtenestelova, og tolkingane er samla i rundskriv 35. Direktoratet har presisert i rundskrivet at Nav ikkje kan krevje refusjon for sosialstønad viss denne er gitt som hjelp i ein nødssituasjon, sjølv om stønaden i utgangspunktet har same føremål som trygdeytinga.

Spørsmål til direktoratet

Vi får til behandling ein del klagesaker som gjeld refusjon i etterbetalte trygdeytingar. Fordi vi gjennom klagesakene har sett at Nav-kontora i refusjonssamanheng ikkje alltid er konsekvent i måten dei vurderer kva som er «for same tidsrom», eller i vurderinga av kva som er «hjelp i ein naudssituasjon», så vi har behov for ytterlegare avklaringar. Vi bad difor Arbeids- og velferdsdirektoratet om å avklare nærare kva som er «same tidsrom» og kva som er å sjå på som «hjelp i ein naudssituasjon» i refusjonssamanheng.

Svar frå direktoratet

I sitt svar presiserer Arbeids- og velferdsdirektoratet at sosialstønad som Nav gir til eit føremål som er meint å vare ei tid, må fordelast på kvar månad i det tidsrommet føremålet er meint å vare. Direktoratet viser til at sosialstønad til innbuforsikring i eitt år må fordelast på dei tolv månadene forsikringa varar, og kommunen kan berre krevje refusjon for dei av månadene vedkomande har fått sosialstønad. Direktoratet har formulert dette slik:

«En utgift som betales forskuddsvis, slik som innboforsikring, vil kunne periodiseres på det vis at en fordeler utgiften ut over perioden. Om forsikring er betalt for ett år frem, deles utgiften på 12 for å finne månedlig utgift.»

Heile svaret frå Arbeids- og velferdsdirektoratet kan du lese her.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.