Ny rapport avdekker manglar ved Nav si oppfølging av langtidsmottakarar av sosialhjelp

Arbeids- og velferdsdirektoratet har undersøkt Nav si oppfølging av langtidsmottakarar av økonomisk sosialhjelp.

Publisert 18.10.2019, Sist endret 12.04.2024

I den nye rapporten kjem det fram at sjølv om Nav-kontora i mange tilfelle gir sosiale tenester i tråd med lova, viser undersøkinga at det også er tilhøve som gir grunn til bekymring. 

Direktoratet viser til dømes til at vurderingane knytt til hjelpebehov og utmåling ofte blir standardiserte. Dei peikar vidare på at fleire Nav-kontor brukar standardaktivitetar i staden for at kvar enkelt får ei individuell vurdering av kva som er mest føremålstenleg.

Direktoratet konstaterer også at tidspress og stramme budsjett i kommunane gjer at rettleiarar ved nokre Nav-kontor meiner at dei ikkje har råd til å følgje opp langtidsmottakarane av sosialhjelp slik dei ønskjer.

Rapporten blei utarbeidd  på oppdrag frå Arbeids- og sosialdepartementet. Direktoratet har  brukt informasjon frå saksmapper og intervju med langtidsmottakarar og tilsette ved Nav-kontor for å undersøke oppfølginga av langtidsmottakarane.

Heile rapporten finn du under «Lenkjer».

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.