Barnefamiliar får ikkje alltid nødvendig hjelp frå Nav Kvinnherad

Vedtak om økonomisk stønad til personar med forsytaransvar for barn, byggjer ikkje på forsvarlege kartleggingar og vurderingar. Dette kan ha ført til at barn i familiar med låg inntekt ikkje har fått den hjelpa dei skulle ha hatt.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 27.08.2019

Kvinnherad kommune har ikkje ordningar som sikrar at barnefamiliar sin situasjon og behov vert godt nok kartlagt, og at det vert utøvd forsvarleg skjøn. Dette viser eit tilsyn Fylkesmannen gjennomførte i kommunen i juni 2019. 

Manglar ved styring og leiing

Leiinga har ikkje fanga opp at det mangla individuelle vurderingar i sakene. Manglande dokumentasjon gjer at leiinga i kommunen ikkje kan vite om søkjarane har fått nødvendig hjelp av Nav. Kommunen har ikkje nok opplysningar om kvar enkelt søkjar til å kontrollere dette. Desse manglane ved kommunens styring og leiing kan føre til at søkjarar med forsytaransvar for barn ikkje får den økonomiske stønaden dei har rett til etter sosialtenestelova. Kommunen har såleis ikkje sikra at barn i familiar med låg inntekt får det dei treng.

Vidare oppfølging

Sidan det er slått fast lovbrot, følgjer Fylkesmannen kommunen opp etter tilsynet. Kommunen må innan 1. september melde tilbake til Fylkesmannen om kva dei vil gjere for å hindre slike lovbrot for framtida.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.