8,5 millionar kroner til utvikling av sosiale tenester ved Nav-kontor i Vestland

Arbeids- og velferdsdirektoratet har i år hatt 80 millionar kroner til rådvelde til utvikling av sosiale tenester og tiltak etter sosialtenestelova. Om lag ein tidel av pengane går til tolv Nav-kontor i vårt område. Fem av tiltaka er nye i år.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 25.04.2019

På vegner av Arbeids- og velferdsdirektoratet har Fylkesmannen i Vestland tildelt 8 576 070 kroner for 2019. I lag med overførte midlar som vart tildelt i fjor, skal tildelinga i alt finansiere 18 heile stillingar.

Føremål

Det overordna målet for tilskotsordninga er å bidra til eit heilskapleg og samordna tenestetilbod ved Nav-kontora, tilpassa brukarane sine behov. Gjennom nye arbeidsmetodar og samarbeidsformer skal brukarane oppleve auka kvalitet i tenestene, og med det få betra levekåra sine. Tilskotet skal nyttast til å finansiere prosjektstillingar.

Mange søknader

På landsbasis fekk direktoratet inn 199 søknadar i år, og det var ikkje nok midlar til å imøtekome alle. Direktoratet har prioritert søknadane ut frå ei samla vurdering av budsjettramme, tildelingskriterium og prioriterte innsatsområde, jamfør regelverk og kunngjeringstekst. I si vurdering av søknadane har direktoratet blant anna lagt vekt på nytenking og utvikling av nye arbeidsmåtar, bruk av prosjektstyringsverktøy, at tiltaket blir kopla til anna utviklingsarbeid i kommunane og er godt forankra i kommunen.

13 Nav-kontor i alt

Tilskotsordninga starta i 2017, og fem Nav-kontor i Vestland fekk tilskot dette året. Året etter fekk fire nye Nav-kontor i Vestland tilskot og i år fem. Eitt av Nav-kontora har gått ut av tilskotsordninga. Eitt får ikkje tilskot i år, men har overførte midlar frå i fjor. Eitt og sama tiltak kan få tilskot i tre år.

Med atterhald for Stortingets budsjettvedtak, vil tilskotsordninga til å utvikle dei sosiale tenestene i Nav-kontoret halde fram i 2020.

12 millionar kroner i alt

I tillegg til dei 8 576 070 kronene som er tildelt i 2019, har kommunane overført 4 092 129 kroner frå i fjor. Dei overførte pengane er både ubrukte tilskotsmidlar og forskot som kommunane har fått for å finansiere stillingane i dei første fire månadene av 2019. Ein kommune skal betale tilbake 528 200 kroner for ei stilling som det ikkje vart noko av. Dette medfører at kommunar i Vestland i alt har 12 139 999 kroner til rådvelde til utvikling av sosiale tenester ved Nav-kontor i 2019.

Klikk her for å sjå oversikta over kva Nav-kontor som har fått tilskot, og kor mykje kvar enkelt Nav-kontor har fått

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.