Nytt informasjonsmateriell om individuell plan og koordinator

Koordinerte tenester er ei sentralt tema i mange av tiltaka i primærhelsemeldinga. Her finn de meir om det nye informasjonsmateriellet som er tilgjengeleg om individuell plan og koordinator etter helse- og omsorgstenestelova. 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 09.07.2019

Helsedirektoratet har utarbeidd nytt informasjonsmateriell knytt til individuell plan og koordinator. Pasientrettar, krav og faglege tilrådingar om individuell koordinering er omtalt i veileder om rehabilitering, habilitering, individuell plan og koordinator og i veileder om oppfølging av personer med store og sammensatte behov.

Brosjyre om individuell plan og koordinator

Helsedirektoratet har laga brosjyren «Ditt liv, din plan», som er retta mot pasientar, brukarar og pårørande. Kommunar og helseføretak kan bestille brosjyren her.

Inspirasjonsfilm om individuell plan og koordinator

Helsedirektoratet har lagt ut ein film der dei har lagt vekt på å synleggjere kva som er føremålet med dei lovpålagde krava.

Pakkeforløpskoordinator – lovpålagt koordinator

Helsedirektoratet har laga eit notat for avklaring av korleis ein skal forstå pakkeforløpskoordinator opp mot lovpålagt koordinator

Individuell plan er ikkje ein del av pasientjournalen

Etter at Helse- og omsorgsdepartementet endra tolking av regelverket, blei det i 2018 gjort ei endring i rettleiaren om koplinga mellom individuell plan og pasienten sin journal.

Forskrift om pasientjournal paragraf 8 bokstav n, er å forstå slik at planen ikkje er ein del av journalen. Det skal gå fram av journalen om pasienten har ein plan og eventuelt kven som er koordinator. Oppretting av planen og korleis informasjon skal delast er basert på pasienten sitt samtykke. Dette er ei klargjering av at IP ikkje er eit behandlingsretta helseregister i medhald av pasientjournallova. Det som skal stå i planen bør avgrensast til det som er naudsynt. Løpande dokumentasjon knytt til tenesteyting høyrer heime i journalen. Sjå avsnitt om dokumentasjon av individuell plan i rettleiaren.

E-læring for koordinator

God opplæring i koordinatorrolla er viktig. Nasjonal e-læring har vore etterlyst. Arbeid med å lage modular starta i fjor, og planen er at tre modular skal bli ferdige i sommar. Desse modulane handlar om rettar og plikter etter lovverket, koordinatorrolla, og leiarar i tenestene.

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.