Ledige verv som leiar og vara for leiar i Kontrollkommisjonen for Nordhordland, Midhordland og Sotra

Verva som leiar og vara for leiar i kontrollkommisjonen er ledige frå 1. januar 2020.

Leiar og vara for leiar i kontrollkommisjonen må ha  juridisk embetseksamen/master i rettsvitskap og vere kvalifisert til å gjere teneste som dommar.

Søkjar må tilfredsstille krav i domstollova §§ 53 - 55. Etter desse må vedkomande vere norsk statsborgar, over 25 år, og ha juridisk embetseksamen. Søkjar må tilfredsstille høge krav til faglege kvalifikasjonar og personlege eigenskapar. 

Leiar og vara for leiar bør ha erfaring som dommar eller dommarfullmektig, fylkesnemdsleiar og/eller erfaring innan helse- og sosialrett, til dømes advokatpraksis.

Personane vi søkjer må ha interesse for fagfeltet, gode samarbeidsevner og kunne kommunisere kompliserte problemstillingar på ein god måte. God munnleg og skriftleg formidlingsevne, både på nynorsk og bokmål, er nødvendig.

Etter psykisk helsevernlova § 6-2 tredje ledd kan ingen oppnemnast som medlem av ein kontrollkommisjon, som skal føre kontroll med ein del av det psykiske helsevernet, som vedkomande har ansvar for i si vanlege stilling. Vedkomande bør heller ikkje vere tilsett i det psykiske helsevernet.

Godtgjering for arbeid i kontrollkommisjonen

Arbeid i kontrollkommisjonen blir godtgjort per time etter reglane i psykisk helsevernforskrifta §§ 64 – 68. Satsen er rekna i prosent av salærforskrifta § 2.

Jurist som er tilsett i dommarembete eller i anna stilling, blir godtgjort per time med 75 prosent av den til ei kvar tid gjeldande salærsatsen.

Advokat som er sjølvstendig næringsdrivande, blir godtgjort per time med 100 prosent av den til ei kvar tid gjeldande salærsatsen.

Reiseutgifter blir dekt etter særavtalen om dekking av utgifter til reise og kost innanlands. Nærare informasjon blir gitt ved oppnemning.

Verksemder som høyrer inn under Kontrollkommisjonen for Nordhordland, Midhordland og Sotra

Øyane DPS, Helse Bergen

Kronstad DPS, Helse Bergen

Bjørgvin DPS, Helse Bergen

Solli DPS

Betanien DPS

NKS Olaviken Alderspsykiatriske Sykehus

Søknad

Du må levere søknad for å bli oppnemnd til ein kontrollkommisjon. Søknaden skal gi følgjande opplysningar:

  • CV eller ei liknande oppstilling av utdanning og praktisk erfaring
  • kvifor du ønskjer å vere med i kontrollkommisjonen
  • kva kommisjon du ønskjer å vere med i
  • opplysningar om du har vore medlem i kontrollkommisjon tidlegare, kva kommisjon dette var og kva periode/periodar
  • opplysningar om andre aktuelle engasjement og tilsettingar (for habilitetsvurdering)
  • namn på to personar Fylkesmannen kan kontakte for referansar

Hovudoppgåva til kontrollkommisjonen er å sikre rettstryggleiken til den enkelte i møtet med det psykiske helsevernet. Kommisjonen kontrollerer tvangsvedtak, behandlar klager og fører velferdskontroll. Kommisjonen har faste møte. Heile arbeidsdagen går med.

Søknadsfrist 1. november 2019

Send søknad til postmottaket til Fylkesmannen: fmvlpost@fylkesmannen.no

Nærare opplysningar kan du få hos Marit Stornes og Mona Fauskanger, som du finn under «Kontaktpersonar».